Svar om U864 innan 1. desember
Endret 20.08.07 10:49
Den tyske ubåten kan innehalda så mykje som 65 tonn kvikksølv, og Kystverket arbeider no med å finna ut korleis ein best kan hindra at denne gifta kjem ut i sjøen.
Skipet «Geoholm» har dei to siste vekene gjort undersøkingar ved vraket, men desse vart i helga stoppa då ein under fjerning av sediment på botnen ved vraket oppdaga at ubåtvraket flytta på seg.
? Ein var i ferd med å ta vekk sediment slik at ein kunne koma inn i kjølen, forklarar beredskapsdirektør i Kystverket Tor Christian Sletner.
? Det vart då beordra stopp i arbeidet, for me kunne ikkje risikera å gjera noko som fekk vraket til å skli eller snu seg.
I samband med dei siste undersøkingane har ein også sett at delar av skroget har opna seg.
? Me var på førehand gjort merksame av Veritas om at sveisane kunne opna seg, og fekk stadfesta dette.
Opning utelukka
Å ta seg inn i kjølen på skroget og ta ut kvikksølvflasker var eitt av måla med dei siste undersøkingane. Når ein ikkje lukkast med dette betyr det at ei tømming av vraket også er utelukka som alternativ for å fjerna eller sikra kvikksølvet.
Tidlegare har ein hatt tre alternativ for å hindra meir kvikksølvforureining frå U864, anten å fjerna vraket med kvikksølvet i, dekka til vrak og kvikksølv på botnen, eller å ta kvikksølvflaskene ut av vraket og berre heva desse. Dette siste er altså utelukka no.
? No er det ei heving av vraket eller ei tildekking som står att, utan at eg vil forskottera kva me vil gå for, seier Sletner.
Teknologien finnest
Det nederlandske bergingsfirmaet Smit Salvage BV har utarbeidd ein rapport om kva som kan gjerast med det tyske ubåtvraket, og denne rapporten vil saman med ein rapport frå NIVA (Norsk institutt for vassforsking) og Geoconsult sine undersøkingar gje grunnlag for Kystverket si anbefaling.
? No skal me ha inn all tilgjengeleg kompetanse og ekspertise for å finna ut kva som skal gjerast med U864, seier Sletner.
Beredskapsdirektøren seier at det i dag eksisterer teknologi tilstrekkeleg til å heva eit slikt vrak. Utfordringa er at ein ikkje tidlegare har gjort ei heving av eit vrak lasta med 65 tonn kvikksølv.
? Me må ta omsyn til miljørisikoen, og jobbar for å hindra at kvikksølv lek ut og kjem inn i næringskjeda. Dette handlar om Noreg sitt ry som fiskeriprodusent og fiskerinasjon, seier Tor Christian Sletner.
Les meir om undersøkingane ved U864 i Strilen torsdag 21. september.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




