Svart år på Flatøy
MELAND: Frank Mohn Flatøy AS hadde eit svært dårleg år i fjor.
Endret 16.09.11 17:05
Nedgangen etter finanskrisa slo for fullt ut for Frank Mohn Flatøy AS i 2010. Driftsinntektene gjekk ned frå 885,8 mill. kroner i 2009 til 494,0 mill. i 2010.Og medan ein i 2009 kunne visa til eit solid driftsresultat på 36,6 mill. kroner, viser fjoråret ein minus på 28,2 mill.
Frank Mohn Flatøy lagar mange ulike typar pumper til offshoreverksemda. Dei lagar også utstyr til Framo Engineering og oljevernutstyr til bruk til havs.I årsmeldinga vert det vist til at dei internasjonale marknadstilhøva har ført til både mindre etterspørsel og redusert aktivitet, og dette har også ført til færre tilsette. Ved nyttårsskiftet 2009/2010 hadde verksemda 351 tilsette, medan talet eitt år seinare var 312.
Betring
Men no begynner ein å sjå lys i tunnelen, og tilgangen på faste ordrar ved inngangen til 2011 var klart betre enn eitt år tidlegare.I 2010 stod olje og gass for 64 prosent av selskapet sin omsetnad, medan produksjon av miljøutstyr utgjorde 34 prosent.
Trass i dårlege tider vart det investert for 22,6 mill. kroner på Flatøy i fjor.
Pluss på HjertåsFrank Mohn Piping AS på Hjertås hadde også nedgang i omsetnaden i 2010, men tilpassing av aktiviteten i høve til ordretilgangen og færre tilsette gjorde at ein likevel kom ut med ein pluss i driftsresultatet på 18,3 mill. kroner.
I årsmeldinga heiter det at ein forventar eit nytt svakt år i 2011, og at ordrereserven ved årsskiftet var lågare enn i fjor.Talet på tilsette var ved årsskiftet 2009/2010 79, mot 59 eitt år seinare.Frank Mohn Piping produserer røyranlegg til konsernet sine pumpesystem.
Minus på Mongstad
Det tredje selskapet i Nordhordland i Frank Mohn-konsernet er Frank Mohn Mongstad AS. Dei leverer varer og tenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen.
Her gjekk omsetnaden opp i 2010, men likevel kjem verksemda ut med minus. Det gjorde dei og året før.
I årsmeldinga vert det vist til at konkurransen stadig vert hardare.Ein merkar og at Statoil har flytt sitt røyrlager frå Mongstad til Florø.Difor må ein satsa på fleire bein for å halda oppe sysselsetjinga. Ein jobbar og med å gjera produksjonen meir effektiv.
Strilen har prøvt å få ein kommentar frå konsernleiinga i Frank Mohn AS, men har så langt ikkje lukkast med det.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




