Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sykla tryggast i Hordaland

Del | |
RADØY: Eirik Nesheim Askeland gjekk torsdag heilt til topps i fylkesfinalen i sykling for 7. klassingar.
Publisert 15.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Målet med denne konkurransen var ikkje å sykla fortast. Men arrangørane skulle kåra den mest trafikksikre syklisten. For å finna ut det måtte deltakarane gjennom både ei teorioppgåve og ei tre kilometer lang sykkelløype med ein del utfordringar. I denne løypa skulle deltakarane visa at dei køyrer trygt og sikkert og har kontroll på sykkelen. Eirik fekk altså totalt den beste poengsummen av alle dei 31 gutane som deltok i fylkesfinalen.

Teori og praksis
? Det var kjekt. Eg trudde nesten ikkje på det med det same då dei las opp resultata, seier Eirik til Strilen.
Han går i 7. klasse på Sæbø skule. Litt før ferien hadde dei ein liknande test på skulen, og Eirik kvalifiserte seg frå klassen, saman med Anette Sture Sætre, til fylkesfinalen i Bergenshallen torsdag. Og der gjekk det altså over all forventning.
For å gjera det godt i denne konkurransen må ein ha flest mogleg rette svar på ei oppgåve om trafikkreglar. Eirik er litt usikker på om han hadde alt rett på denne teorioppgåva.
? Det var til dømes eit spørsmål om når ein kan sykla på fortauet eg lurte litt på, seier han.
Men fortau er det jo ikkje så mykje av der han bur.
Sjølve syklinga i den tre kilometer lange løypa synest han gjekk heilt greitt.

Attande året
Eirik har sykla så lenge han kan hugsa. Han syklar ein god del i løpet av ei veke, ofte til skulen og til andre aktivitetar. Og det vert nok ikkje mindre etter dette.
Det er 18 året på rad 7. klassingar i fylket konkurrerte om å verta dei mest trafikksikre syklistane. Det er Trygg Trafikk som står bak arrangementet, saman med ein del samarbeidspartnarar. I år starta 64 elevar frå 32 skular frå 13 kommunar i fylkesfinalen i Hordaland. 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt