Syklist slapp heldig frå påkjørsel
Endret 20.08.07 10:49
Fjellanger er arbeidskamerat av den 31 år gamle syklisten, som var på veg til jobb då ulukka skjedde på Rv 57 på Lauvås. Det same var Fjellanger, som kom i bilen bak den som køyrde på.
Fjellanger opplyser at han ringte etter ambulanse på 113 kl. 07.22. Ein ambulanse frå Austrheim var på plass etter berre kring ti minuttar, seier Fjellanger.
Han synest det tok lang tid før politiet var på plass. Så vidt han noterte, skjedde det kl. 08.25, vel ein time etter at ulukka var varsla.

? Etter det eg observerte, landa mannen stygt etter at han var kasta av sykkelen Eg skritta opp tolv skritt frå staden han vart truffen til der han vart liggjande, seier Fjellanger. (Biletet viser delar av sykkelen som hadde kome under bilen).
Ulukka skjedde ved ei busslomme heilt på slutten av 60-sona på Lauvås kort før kl. 07.30 torsdag morgon. Syklisten kunne hentast av kona på sjukehuset litt etter klokka 15.00 same ettermiddag.
Fjellanger opplyser at kameraten har fått sova bra utan smertestillande natt til fredag, men at han er nokså forslått.
? Eg har enno ikkje avhøyrd føraren av bilen som køyrde på syklisten. Saka vert oversendt til politiet i Bergen sidan føraren er heimehøyrande der. Alt tyder på at han har brote paragraf 3 i Vegtrafikklova, at ein ikkje har vore aktpågivande og varsam nok, slik at ein valdar skade eller det oppstår fare i trafikken, seier politibetjent Svein Arne Hatlevik. Men han påpeika i går ettermiddag at han ikkje kunne seia nøyaktigt kva som har skjedd.
? Kritikk mot at politiet var seint på staden finn eg urimeleg. Eg vart tildelt ulukka, og politiet skal også halda seg etter trafikkreglane og kan ikkje køyra urimeleg fort, seier Hatlevik.
Jan Eirik Feste, som bur på Lauvås, opplyser til Strilen at det vert jobba med å få gangveg/sykkelsti langs riksvegen på strekninga. Så langt har fleire bedrifter stillt seg positiv til å gå inn med pengar.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




