Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Sylta sikra ny heimesiger

Del | |
RADØY: Trass lite imponerande spel vart det 3-2 siger til Radøy/Manger heime mot Stord Sunnhordland 2 fredag kveld. Mykje takka vera tomålskårar Jarle Sylta.
Publisert 08.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det var godt å putta to mål på heimebane. Særleg når me vinn og skaffar oss tre nye poeng, seier Jarle Sylta.  
Fredag kveld var han Radøy sitt klart sterkaste kort i oppgjeret mot Stord Sunnhordland 2. Ettersom veteranen før start lenge var usikker på om han skulle starta kampen på grunn av problem med krampar i beina, var han ekstra nøgd med eigen innsats.
? Det er godt å kjenna at eg er på gang igjen. No håpar eg berre me byrjar få nettkjenningar og tar poeng på bortebane også, seier Sylta.

Stygg hovudskade
Men sjølv om det enda med siger og jubel på Sletta, vart det ein lang og tøff kamp for poenga for heimelaget. Det heile starta med at Andrè Rebnord etter berre fem minutt måtte fraktast til legevakta med eit stygt kutt i hovudet etter å ha skalla i ein Stordspelar. Vidare i kampen skjedde det lite før Jarle Sylta vart spelt gjennom etter vel ein halvtime. Åleine mot keeper tuppa han ballen iskaldt i mål, og sendte med det Radøy/Manger i føringa 1-0.

Spanande sluttminutt
Sylta heldt fram dei gode taktene etter pause. Saman med lagkameratane produserte han fleire store målsjansar, og etter vel 60 minutt på bana fann Sylta nettmaskene for andre gong i kampen. Dermed trudde dei fleste kampen var punktert, men det viste seg å vera feil. Berre minutt seinare reduserte nemleg Stord Sunnhordland 2, og slurvepasningar og tafatte Radøy-spelarar gjorde at det på ny vart spaning i kampen. Sjølv om Radøy/Manger gjekk opp til 3-1 ti minutt før slutt etter mål av Sindre Marøy, varte spaninga kampen ut. Stord Sunnhordland 2 svarte nemleg med ei ny redusering og gjorde oppgjeret på Sletta nervepirrande til siste slutt. Men til stor glede for Radøy/Manger, og særleg trenar Terje Skjelvik, klarte dei raudkledde halda leiinga kampen ut.

Roser Sylta
? Eg er godt nøgd med at me vinn på ein dag der me brenn mange store målsjansar og er ineffektive. Det er heilt naudsynt med tre poeng på heimebane skal me hengja med i toppen, seier Skjelvik.
Sjølv om ikkje laget fungerte heilt hundre prosent, var han likevel godt nøgd med noko av det han såg på bana. Særleg synest han midtbana med Geir Atle Osa og Lars Erik Ervik, gjorde ein god jobb. I tillegg rosa han Sylta for heiderleg innsats.
? Han var absolutt kampens lyspunkt. Det er kjekt å sjå at han er i form igjen og at han er ein mann me kan rekna med framover. Når han er i slag er han både ein god og viktig spelar for oss, konstaterar Radøytrenaren.  

Neste mot Hald
Etter tre kampar spelt står Radøy/Manger med 6 poeng. Med det har dei plassert seg på 3. plass på tabellen i 3. divisjon. Til no i år har Radøy/Manger berre vunne på heimbane. Dermed kan det verta Radøy sin første bortesiger når dei møter Hald i neste kamp 13. mai.
? Det hadde absolutt smaka godt med tre poeng på bortebane også. Men det vert ein tøff kamp, og me må nok heva oss frå i dag om me skal vinna, seier Terje Skjelvik.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt