Sylta vann dobbelt i Knarvikmila
Endret 20.08.07 10:49
? Det gjekk bra. Veldig bra. Eg kunne berre jaga på heile vegen, seier Sylta nøgd til Strilen rett etter målpassering.
? Eg fekk det litt på slutten, men det gjekk eigentleg flott frå start til slutt. Det losna ikkje før start, men då losna det skikkeleg, seier Sylta, som følgde med på tida under heile løpet.
Klokka stoppa på 30.00 og med det sette 28-åringen frå Meland suverent ny løpsrekord for mila.
Dobbelvinnar
I kvinneklassen var det Kirsten M. Otterbu som var raskast.
? Eg sprang berre for å vinna i dag, seier kvinna som sprang Knarvikmila fortare enn noko anna kvinne har gjort før ho.
Otterbu fekk ingen tider undervegs, og visste ikkje at ho låg an til å springa inn til ny bestetid. Med tida 33.45 forbetra ho sin eigen rekord med seks sekund. Med eit hardt ekstremløp i beina frå dagen før, har ho all grunn til å vera nøgd med eigen innsats i helga. Otterbu vann også samanlagd for kvinner. Både Otterbu og Sylta reiser no til VM i motbakkeløp i Tyrkia.
Sterk Færø-familie
Ein anna som var nøgd med eigen innsats på mila, var Jo Harald Færø. Han vart ikkje blant dei tre beste, men sprang inn på tida 33.33.
? Eg trur eg persa, og eg er svært godt nøgd med løpet, seier ein sliten Færø i målområdet.
Han opna forsiktig, og hadde bestemt seg før start for å ikkje gå tom før tunnelen.
? Og eg sprang bra heile vegen tilbake, seier han og smiler.
Fekk drahjelp
Raskaste kvinne på halvmila var storesøster Sara Rebekka Færø med tida 19.48.
Med eit tungt ekstremløp i beina frå laurdag hadde ikkje 24-åringen frå Eikanger idrettslag tenkt å stilla til start.
? Fem minutt før start bestemte eg meg for å springa, sidan eg likevel stod her, seier Sara Rebekka like etter løpet.
Med seg fekk ho også forloveden Lorentz Erland Linde. Han skulle eigentleg ikkje springa han heller.
? Eg fekk overtalt han rett før start. Han drog meg store delar av vegen, og me kom i mål med eit halvt sekunds mellomrom, seier Færø og gjev kjærasten ein god klem.
Sara Rebekka Færø drog i land sigeren framføre Anita Stenevik og veslesøster Bertine Helene Færø.
? Det var eit kjempetungt løp. Eg passerte Stenevik etter tre kilometer, og klarte heldigvis å halda meg føre, seier Færø.
Førstegangsløpar
Raskast av herrane på halvmila var Ørjan Lunde, som var med på Knarvikmila for første gong.
? Det er eit kjempearrangement. Og løypene er harde. Løpet mitt i dag var heilt greitt. Eg tok ikkje ut alt, seier Lunde.
I Strilen tysdag 5. september finn du alle resultata frå Knarvikmila 2006.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




