Talentfull Austrheim-jente på kretslaget
Endret 20.08.07 10:49
Dei beste handballjentene i Hordaland og Sogn og Fjordane har vore samla til fellestrening, og Line Pedersen frå Austrheim har vore med på to samlingar til no.
? Eg var på den første samlinga før nyttår, og ei den 25. januar. I dag tysdag 7. februar skal eg på ei ny samling. Då skal me spela vår første kamp, seier Line til Strilen.
Dersom ho er heldig og flink nok, får ho vera med på kretslaget som skal representere dei to fylka i seinare kampar. Det siste uttaket vert gjort i mars.
? Me har vore 21 jenter på samlingane til no. Dei plukkar vekk folk etter kvart, og dei beste vert igjen til slutt, seier Line.
Ho håpar sjølvsagt å vera ein av dei siste jentene, men er ikkje sikker på om ho er god nok.
? Det er utruleg kjekt, men det er veldig mange flinke jenter med, så konkurransen er hard, seier ho.
Tysdag 7. februar får dei verkeleg testa kor gode dei er. Då spelar dei nemleg kamp mot Askøy sitt tredjedivisjonslag.
? Eg trur me har god sjanse til å vinna, men me får sjå.
Treningane med dei beste jentene i kretsen er litt hardare enn dei ho er van med.
? Me trenar ei økt, og har deretter litt teori. Så spelar me kamp mot kvarandre. Og det er alltid noko nytt å læra, fortel ho.
Dei lærer mange nye trekk, og Line har tenkt å ta med seg kunnskapen tilbake til Lindås. Der trenar ho med damelaget to gonger i veka, og med jenter 15 to gonger.
? Eg jobbar ganske hardt, og håpar at eg kanskje kan spela profesjonelt ein dag.
Ho drøymer om å spela på Tertnes ein dag. Idolet er Gro Hammerseng.
? Men korleis det vert vidare kjem veldig an på skuleval også, seier femtenåringen.
Ho går siste året på Årås skule no, og har søkt kjemi- og prosessfag til hausten.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




