Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Taper 10.000 på omlegging i Husbanken

Del | |
LINDÅS: Astrid (84) og dei andre bebuarane på Ostertunet såg raudt då dei nyleg fekk varsel om at ei omlegging i bustøtteordninga frå Husbanken ville kosta dei over 10.000 kroner. Astrid Amanda Hagesæter er blant dei som ikkje forstå at Husbanken berre kan kutta bustøtta for  henne og mange av dei andre bebuarane på Ostertunet i fire månadar berre fordi Husbanken skal leggja om bustøtteordninga.
Publisert 22.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Og ikkje nok med det, men dette skjer samstundes som resten av den kommunale bustøtta fell vekk, seier Astrid Andrea Hagesæter fortvila. Sjølv skal ho alltid klara seg sidan ho trass alt har ein pitteliten hjelpestønad og stor familie som kan hjelpa henne om det knip. Men kva med dei som er absolutt minstepensjonistar, har liten og ingen formue og ikkje har andre stader å gjera av seg? spør ho. ? Skal me spara meir no, lyt me både svelta og frysa, legg ho til.

Raudt på kvitt
I brevet frå kommunen, som ho fekk 9. mai, står det raudt på kvitt at «Husbanken har varsla om at den frå september 2007 vil leggja om rutinane for utbetaling av bustøtte frå tre gonger i året til kvar månad. Omlegginga fører til at kommunen må avvikla ordninga med at bustøtta vert utbetalt til kommunen. Dersom den varsla ordninga vert ståande, fører det til at De må betala full husleige på 4.885 kroner for månadane juni til og med september utan bustøtte. Transporten av bustøtta til kommunen vert avslutta 1. oktober, og frå oktober vil De få utbetalt bustøtta direkte frå Husbanken. Dersom denne omlegginga skulle føra til vanskar for Dykk med betalinga av husleiga for perioden juni ? september, vil det kunna avtalast betalingsordning med rekneskapskontoret».

Fortvila
? Dette betyr at me må betala full, altså dobbel husleige i juni, juli, august og september. Det utgjer nøyaktig 10.889 kroner meir enn vanleg. I tillegg må me forskottera husleiga for oktober, for den vert ikkje utbetalt før i november. Det vert 2.720 kroner i tillegg, seier Astrid og viser fram ei skriveblokk der ho har sett opp reknestykket for avisa.
Astrid fattar og begrip ikkje at det kan vera lov å påleggja henne og dei andre brukarane å betala for ei omleggjing som dette.
For det er jo det som skjer, meiner ho.
? At Husbanken vil betra rutinane sine er jo berre ein fordel. Men eg forstår ikkje kvifor me skal vera utan bustøtte i fire månader av den grunn. Hadde me no fått pengane tilbakebetalt etter omlegginga, men det gjer me ikkje, seier ho. Ho er også skuffa over at kommunen.
? Eg synest verkeleg dei burde tilbydd oss noko meir enn avbetalingsordningar, seier ho.

Urettferdig
Astrid fortel at fleire av bebuarane er godt over nitti år gamle, og ikkje orkar å krangla lenger. Difor håper ho at ho med å ta saka opp i avisa kanskje kan få Husbanken på betre tankar før dei gjer noko endeleg vedtak.
? Her har me har stått på heile livet og betalt samfunnet det me skuldar. Og så må me snart tigga om mat. Nei, dette er ei skam, seier ho og ristar på hovudet. Ho legg til at det på Ostertunet bur mange folk som ho beundrar, og som har fortent betre enn å verta behandla som dette.
Astrid har budd på Ostertunet i åtte år, og trivest i likskap med dei andre bebuararne svært godt.
? Her er eit sjeldant personale, og me får alltid hjelp. Så det er ikkje det det står på. Men eg føler dette er utruleg urettferdig gjort mot ei gruppe menneske som ikkje orkar å sloss lenger, avsluttar den engasjerte 84-åringen.

? Lite kommunen kan gjera

LINDÅS: Assisterande rådmann Kåre Jordal forstår godt at dei eldre fortvilar over varselet dei har fått. Men det er lite kommunen kan gjera.
? Det einaste me kan gjera er å tilby avbetalingsordningar. Andre moglegheiter for å hjelpa har me ikkje, seier Jordal. Seinast i går var han i kontakt med Husbanken for å høyra om varselet verkeleg stod ved lag. Og det gjorde det. For som dei eldre, er både Jordal og dei andre på kommunen ganske overgitte over Husbanken sitt utspel.
? Omlegginga i seg sjølv er bra, men eg forstår ikkje at dei kan tillata seg å gjera det på denne måten, seier han. Han er også overraska over at Husbanken enno ikkje har sendt ut varsel til dei personane omlegginga går ut over.
? Den einaste informasjonen brukarane har fått om det som skal skje, er frå oss. Og det er for dårleg, seier Jordal.
Skal senda klage
Han fortel at kommunen no kjem til å senda ei formell klage til Husbanken. Det har også andre kommunar gjort, fortel han. I tillegg veit han at der føregår samtalar mellom KS sentralt og Husbanken. Stort mer å seia om saka har han ikkje, men oppmodar Strilen om å ta kontakt med kommunen sin kontaktperson i Husbanken, Knut Grevstad. Men heller ikkje Grevstad var særleg snakkesalig.
? No set du meg i ein knipe, sa han og viste Strilen vidare til avdelingsdirektør Elisabeth Platou. Men ho var utilgjengeleg både på kontortelefon og mobiltelefonen. To timar seinare vert Strilen oppringt av regiondirektør i Husbanken i Bergen, Mabel Johansen.

Overraska
? Eg kjenner ikkje til at omlegginga går ut over brukarane slik du fortel, for eg trudde det var med omsyn til brukarane me skal leggja om systemet, seier regiondirektør i Husbanken i Bergen, Mabel Johansen overraska. ? I alle fall at det skal verta lettare for nye brukarar, legg ho til.
Ho forstår heller ikkje kva varsel i raud skrift Strilen snakkar om, og spør kor ho kan få tak i teksten.
? Meiner du det er Lindås kommune som har misforstått?
? Visst me snakkar om same saka, har eg forstått det slik at kommunane ikkje vil forskottera desse fire månadane i frykt for å tapa pengar. Det er det KS og Husbanken driv og diskuterer.
? Så det er ikkje Husbanken sin feil at Astrid og dei andre på Ostertunet vert snytte for 10.000 kroner?
? Det er det eg må finna ut. Eg forstår ikkje dette, seier ho og ber om namnet på kommuneleiinga.
Med dette må Strilen gå i trykken for i dag. Men me kjem tilbake til saka så snart kommunen og Husbanken kan gje eit forståeleg svar.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Bergensarar snusar på Fedje-hytte

Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Næringslivet ser ­mørkare på framtida

    Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

      Byter papir med nettbrett

      Byter papir med nettbrett

      I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        Tryggare med ny omsorgsteknologi

        SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

          Trur Grieg ville likt seg

          Trur Grieg ville likt seg

          RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

            Mobilbruk lagar misnøye

            Mobilbruk lagar misnøye

            På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

              Siste kortnytt