Tar tak i farleg fylkesveg
Endret 20.08.07 10:49
? Det er viktig å få på plass ein plan for strekninga. I denne planen vil og fortau, og kanskje og gang- og sykkelveg, vera ein viktig del, seier Sveinung Toft i Meland kommune.
Auka presset
? Det er no viktig at denne fylkesvegen vert regulert. Det vil det og vera krav om dersom vegen skal utbetrast. Vegen har aukande trafikk og er skuleveg. Deler av vegen er i dag einfelts veg med dårlege møteplassar. Så snart vegen er regulert kan og kommunen pressa meir på for å få løyvingar for utbetring av vegen, skriv administrasjonen i sakspapira til møtet onsdag.
Toft seier at denne vegstrekninga ofte vert nemnd når det er snakk om dårlege vegar i Meland.
? Trafikken er og sterkt aukande, særleg etter at bustadfeltet Heiane vart bygt ut. Vegstrekninga er og rekna som ein del av den planlagde ringevegen i Meland, seier Toft.
Han reknar med at den nye vegen i all hovudsak vil følgja same traseen som i dag, men at det og kan verta snakk om nokre omleggingar enkelte stader. Men det er det for tidleg å seia noko om no, meiner Toft.
Heilskapleg plan
Vegen er i dag under regulering stykkevis og delt. Frå vegkrysset mot riksvegen og til Hatleberget, er Meland utbyggingsselskap tiltakshavar i samband med reguleringsendring for bustadområdet Fossesjøen. Ved Litlebergen har eigedomseigarar i området gått saman om ein felles reguleringsplan, som og dekkjer deler av fylkesvegen fram til Sundet. Det er og fleire andre private reguleringsplanar langs fylkesvegstrekninga. Administrasjonen ønskjer ein best mogleg samanhengande plan for fylkesvegen. Dei private planane må då underordna seg denne.
Ein plan er ein ting, finansieringa av ny veg noko anna. Men med ein ferdig reguleringsplan for vegstrekket, er i alle fall eitt hinder vekke for å få vegstyresmaktene til å gjera noko med vegen.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




