Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Ti år i fengsel for Frekhaugdrapet

Del | |
MELAND: 44-åringen frå Meland som skaut og drap Harald Bakkebø i ei brakke på Frekhaug i mars i år, må sona ti år i fengsel. Han må også betala erstatning til dei etterletne.
Publisert 12.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Nordhordland tingrett slår fast at drapet på Frekhaug var planlagt, og dei har gjeve mannen maksimalstraffa for forsettleg drap: Ti år i fengsel.
Dermed har aktoratet fått fullt gjennomslag for sin versjon av det som skjedde i brakka på Frekhaug 3. mars i år. I dommen står det at drapet framstår som meiningslaust og bar preg av ei avretting. Skotet vart avfyrt utan at Bakkebø fekk høve til å forsvara seg.
Retten har difor ikkje festa lit til tiltalte, som hevda at skotet var eit uhell, og at det berre var meininga å skremma Bakkebø.

Traumatisk
Retten seier også at det som skjedde i brakka, må ha vore svært dramatisk, ikkje minst for den domfelte sin bror, som var til stades i brakka. Oppleving kan føra til psykiske reaksjonar hos begge, meiner retten.
Bakkebø og domfelte hadde hatt forretningar saman etter at dei møttest i 2001. Domfelte har gjeve som forklaring på det som skjedde, at han kjende seg truga av Bakkebø. Dette finn ikkje retten grunn til å tvila på, men det var ingenting i situasjonen i brakka som skulle tilseia at domfelte skulle kjenna seg truga der og då.

Erstatning
I tillegg til fengselsstraffa må domfelte betala 120.000 kroner i oppreising til dei to sønene til Bakkebø. Vidare må han betala 96.565 kroner i erstatning til den eine sonen.
Han får også inndrege ei rifle og ein revolver.
Det er ikkje kjent om domfelte vil anka dommen, som vart avsagt i dag, tysdag. Domfelte og forsvararen hans var til stades då dommen vart forkynt.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt