Ti års utdanning, får ikkje jobb
MELAND: – Eg er sikkert ikkje den einaste i denne situasjonen, men eg trur mange gjev opp og vert uføretrygda, fortel Natasha Berg-Manum.
Endret 09.08.11 13:45
– I desember 2006 var eg involvert i ei ulukke på arbeid som resulterte i permanent skulder-, rygg- og nakkeskade, kan Natasha Berg-Manum fortelja.
– Eg vart undersøkt av ein lege ved rygg- og nakkepoliklinikk ved Haukeland, som «tidsbestemde» skadane til 2 år og 9 månader.
Den same legen karakteriserer no skadane som kroniske.
Natasha er per dags dato tilsett i Bergen kommune som sjukepleiar, men er innvilga ulønna permisjon for tredje året på rad. Når noverande permisjon går ut, 12. juni neste år, står ho utan arbeidsplass.
– Det er ikkje slik at eg ikkje kan eller ikkje vil jobba. Eg kan ikkje jobba som sjukepleiar lenger, men det er mange andre jobbar eg kan gjera. Eg har ikkje utdanna meg og arbeidd så lenge for å verta parkert no.
Breidt kunnskapsgrunnlag
Etter at ho flytta til Noreg frå Jugoslavia i 1985, har Natasha teke over 10 år med utdanning innan helse og nærliggjande fag. Parallelt har ho arbeidd som sjukepleiar, heilt fram til ho vart sjukemeldt for 4 1/2 år sidan.
– Eg har mykje praktisk og teoretisk kunnskap, innan ulike felt, men eg har ikkje arbeidserfaring innan noko anna enn sjukepleie. Difor har eg heller ikkje rett til å få ein anna stilling i Bergen kommune.
Over dei siste 3 1/2 åra har Natasha motteke over 20 avslag på stillingar ho har søkt på. Ho har stilt på over 8 intervju, men har endå ikkje vorte tilbydd ein arbeidsplass. Ho opplever at arbeidsgjevarar gjev henne avslag når dei får høyra om avgrensingane hennar. Ein annan grunn ho har fått høyra, er at ho har for mykje utdanning.
Overkvalifisert
– Eg får vita at eg er overkvalifisert. Eg har over 10 år med høgare utdanning, fordi eg ikkje ønskte å stagnera og fordi eg ikkje ønskte at synspunkta mine i livet skulle stoppa med sjukepleiarutdanninga mi, og no talar det imot meg.
Eit av avslaga fekk ho fordi personen som kunne vorte sjefen hennar var ukomfortabel med å ha ein tilsett med meir fagleg kompetanse enn seg sjølv.
– Me hadde ein samtale der eg fekk vita at personen hadde dette problemet, og eg forklarte til dei at eg ikkje hadde noko problem å jobba for denne personen. Likevel fekk eg ikkje jobben.
Etter at ho vart sjukemeldt har Natasha vendt tilbake til skulebenken. I tillegg til utdanning innan sjukepleie, sjukepleievitskap, engelsk grunnfag, helsefremjande arbeid og tolking, har ho også pedagogikk på sin imponerande cv.
– Om eg får høve til det, kan eg gjerne undervisa. Eg vil arbeida, og eg vil vera med å bidra i arbeidet med å forbetra helsevesenet her i landet.
Er allsidig
Sidan ho har så brei fagleg bakgrunn, meiner Natasha at ho lett kan lærast opp til anna arbeid enn sjukepleie.
– Ikkje for å skryta, men eg lærer fort. Det er ein av grunnane til at eg har vore i stand til å ta så høg utdanning, fortel ho.
Som døme på arbeid ho trur ho kunne passa til, nemner ho blant anna kontor, saksbehandlar, i barnevernet eller liknande.
– Eg kan arbeida i bedrift, om det er behov. Kanskje i bedriftshelsetenesta, med HMS eller personlege relasjonar. Set ein tolkeutdanninga mi og pedagogikken i lag, har eg hatt tre år med utdanning om korleis ein kan få menneske til å samarbeida seg imellom.
Natasha meiner også at ho kan fungera som ei god avlastning innan sjukepleia, då ho kan gjera papirarbeid, dela ut medisinar, setta sprøyter og mykje anna.
Nav legg til rette
Natasha bur i Meland saman med ektemannen. Han er student, og ingen av dei har løna stillingar.
– Me får til dømes ikkje gjort huset ferdig. Men som huseigarar utan fast inntekt får me ikkje forbrukslån.
All inntekta Natasha får er frå Nav. Dei har også tilbydd å betala løna hennar dei første seks månadane, om ho skulle fått tilbod om ein jobb.
– Det gjer arbeidsgivarane eit unikt høve til å prøva korleis eg er på arbeidsplassen og korleis eg går saman med kollegaer.
Nav har også innvilga den tidlegare sjukepleiaren tilpassa stol, arbeidsbord, fotstøtte, spesialtastatur og andre hjelpemiddel til arbeidsplassen.
– Helst vil eg arbeida lokalt, for å gje noko tilbake i distriktet. Avtalen eg har med min noverande arbeidsgivar er at eg kan arbeida kvar eg vil for å bevisa arbeidsevna mi.
På noverande tidspunkt veit ikkje Natasha kva stillingsprosent ho kan makta. Det spørs på typen arbeid.
Nektar å bli uføretrygda
– Eg har pågangsmot. Eg gjev ikkje opp. For eg skal ikkje parkerast no, seier Natasha. I møte med Nav og arbeidsgjevar har det vorte diskutert om ho skal verta uføretrygda.
– Aldri i livet, seier eg. Eg er midt i dei beste åra mine, og eg er trygg på meg sjølv, kvifor skal eg gje opp no? spør ho.
Nettopp det å gje opp, har ho inntrykk av at mange i hennar situasjon gjer. Men Natasha er ikkje av dei som trivs med å sitja stille.
– For tida skriv eg dikt, arbeider med ei kokebok og ei barnebok. Dessutan reddar eg kattar som vert forlatne i området, og held på å læra meg sjølv å spela fem ulike fløyter.
Fleire venninner har kommentert på energien hennar. Dei synest ho er kreativ, fantasifull, og dei kan sjå at ho brenn for noko.
– Eg veit eg er ein god kollega og eit godt tilskot til ein arbeidsplass, men eg får ikkje sjansen til å visa det, fortvilar ho.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





