Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Til Afrika som misjonær

Del | |
MELAND: Alt som 16 åring fekk Tom Sverre Tomren eit kall om å verta misjonær. Neste år kan endeleg han og kona ta med fire av borna og setje kursen mot Afrika.
Publisert 04.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ekteparet Tomren har lenge hatt ein draum om å reisa ut som misjonærar. No har dei nyleg skreve kontrakt med Norsk Misjonsselskap (NMS). Planlegginga er i full gang og neste haust forlet dei slekt, vener og arbeid i Nordhordland for å reisa til Kamerun og spreia Guds ord. Tom Sverre Tomren arbeider i dag som døveprest på Vestlandet, medan Trude Tomren er kateket i Lindås og Alversund. Dersom alt går etter planen vert familien vekke i fire år.

Lang prosess
? Me har tenkt på dette heilt frå den dagen me traff kvarandre. Dette er eit felles prosjekt som begge er sterkt engasjert i, seier Tom Sverre Tomren. Han fortel at han alt som 16 åring fekk eit kall. ? Eg vaks opp her på Frekhaug berre eit steinkast frå bedeuset, og alt som 16 åring fekk eg eit kall frå Gud om at eg skulle reisa ut som misjonær. Det har vore på nippen til at eg har reist fleire gonger. Eg skulle eigentleg byrja på Misjonshøgskulen for 15 år sidan. Men så vart ting ikkje heilt som planlagt, men no er det avgjort at me skal reisa.

Reiser der Gud vil
Då paret tok kontakt med NMS var dei instilt på å reisa kvar som helst.
? Me ville la Gud bestemma og så vart det Kamerun, seier Tomren. Sølv skal han undervisa på ein presteskule i landsbyen Meiganga.
Familien skal bu i ein større by i omådet og Tomren skal pendla til og frå jobb. Trude Tomren er ikkje heilt sikker på kva type arbeid ho skal ha. Det vert heilt sikkert ein del undervisning, organisering og kanskje litt arbeid med nokre kvinnegrupper. Men det er ikkje heilt avklart enno, seier ho.

Må læra fransk
Trude Tomren har ein stor fordel fordi ho kan snakka fransk. Det finst over 200 ulike språk i det området der familien skal bu, men fransk er fellesspråk. Mannen hennar har aldri lært fransk og står difor framfor ei stor utfordring. Familien reiser på språkkurs i sommar. Dei skal vera ein lengre periode i Stavanger for å førebu seg på misjoneryrket. Dei vil også få ekstra språkundervisning når dei kjem til Afrika. ? Å undervisa på høgskulenivå på eit heilt framant språk vert ei utfordring, seier Tom Sverre Tomren.
Men det vert truleg ikkje den største utfordringa for familien

Opptatt av borna
Paret har fire born som skal vera med Marianne (8), Pauline (6), Sunniva (5) og Kristin (1,5 år). I tilegg har Trude Tomren ein eldre son, men han skal flytta til Trondheim. Der skal han bu saman med slekta og gå på vidaregåande skule.
?  Det vert ei kjempeutfordring å ta med seg fire små jenter til eit heilt anna land. Ungane får gå på norsk skule i området og dei vil sikkert få venner ganske fort, så det er me ikkje så voldsomt bekymra for, seier Tomren. Det er det helsemessige ansvaret dei er mest urolege for. Dei har snakka med andre som har erfaringar med å reisa med småborn. Dei fleste har positive erfaringar, men det finst også dei som har hatt det tøft som misjonerborn. Ekteparete spør seg heile tida om dette er forsvarleg, men Trude Tomren har tru på at det skal gå bra.
? Me kan ikkje gå å tenkja på alt som kan gå gale. Ting kan gå gale her i Norge også, slik veit ein aldri. Me ber om at Gud tek vare på oss og lit på han, seier ho.

Skummelt, men kjekt
Borna sjølv er ikkje heilt sikre på kva dei skal tru om livet i Afrika. ?Eg trur det vert spanande og kanskje litt kjekt, seier Pauline (6). Storesøster Marianne (8) er einig.
? Eg trur det er varmt der, kanskje alt for varmt. Men eg har hørt at dei har symjebasseng ute på skulen. Eg gler meg til å bada, det vert sikkert kjekt, seier ho. Men det vert nok litt trist og vera så lenge vekke frå venene i Norge.
?Me har fortalt at me skal reisa. Eg trur at mange av dei trur at det er krig der, men det er det jo ikkje, seier Marianne.

Eit privelegium
Foreldra er ikkje tvil om at livet i Afrika vert svært ulikt frå livet her heime. ? Me ser fram til  få ein annan livsrytme. Her lever me eit typisk norsk turboliv. I Afrika er dei flinkare til å ta ting roleg og ta seg tid til å gjera ting i lag, seier dei. Dei trur det skal verta kjekt å koma vekk frå det moderne kjøp og kastsamfunnet i vesten og dei trur at også borna vil ha eit positivt utbytte av ei slik erfaring. ?Det er eit stort privilegium å få reisa ut i verda med evangeliet. Guds ord er det beste me har fått og eg trur me kjem til å få mykje tilbake. Eg trur me kjem til å verta endå sterkare i trua og finna verdiar som me saknar her heime, seier Tom Sverre Tomren.






Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt