Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Til Nigeria med miljøteknologi

Del | |
AUSTRHEIM/LINDÅS: Reidar Krossøy (biletet) og Fred Austrheim frå Austrheim reiser til Nigeria på oppdrag for Soilcare måndag. Der startar verksemda opp med å reinsa borekaks for eit stort oljeselskap.
Publisert 11.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Soilcare har på Mongstad utvikla ein teknologi som går ut på å reinsa blant anna borekaks frå aktiviteten i Nordsjøen. I prosessen går olja til gjenvinning, og tørrstoffet til jordforbetring og tilsats i asfalt. Dette er snakk om eksport av miljøteknologi som i stor grad er utvikla i Nordhordland.

? Lys framtid
Soilcare har slite i ein del år etter at verksemda vart etablert. Dei har jobba med å utvikla den unike teknologien, og marknaden har også vore vanskeleg. Men på grunn av auka aktivitet i Nordsjøen og større fokus på miljøet, har det heile snudd seg i svært positiv retning frå i fjor haust av, fortel skiftleiar Reidar Krossøy til Strilen.
? Det går veldig bra no. Soilcare har ei lys framtid, seier han.
Dei siste tre månadene har staben til Soilcare på Mongstad auka frå 15 til rundt 20 tilsette. Dei har stor fokus på å vera ei miljøbedrift, og prøver å ta omsyn til dette i alle ledd i verksemda. Dei har og eit tett samarbeid med Statens Forurensingstilsyn, SFT, for å sikra best mogleg drift i høve til miljøet, fortel Krossøy.
 
Reiser måndag
Måndag reiser Krossøy saman med kollega Fred Austrheim til Port Harcourt, som er oljehovudstaden i Nigeria. Der skal dei vera i fire veker og få i gang maskina som vart sendt dit for nokre månader sidan. Dei skal arbeida saman med nigerianarar, som etter kvart skal ta over drifta sjølv. To av nigerianarane var på opplæring på Mongstad i fem månader i fjor.
Det har vore ein del uro i Nigeria dei siste åra, men Krossøy fryktar ikkje det.
? Det skal vera rolegare der no. Dit me skal er det dessutan eit stort internasjonalt miljø knytt til oljeindustrien, seier han.

Beste teknologi
Også fleire frå Soilcare skal til Nigeria utover året. Men etter kvart når drifta kjem skikkeleg i gang der nede vert det berre snakk om service, dersom alt fungerer som planlagt. Teknologien til Soilcare har også vekt interesse andre stader i utlandet. Dei har blant anna hatt ei maskin i Brehmen. Kontrakten i Nigeria er det Hellenes A/S som har, og dei leiger inn maskin og mannskap frå Soilcare.
? Fleire oljeselskap har som mål å bruka den best tilgjengelege miljøteknologien. Difor har eg god tru på Soilcare, seier Krossøy, som og fortel at det kan verta aktuelt med aktivitet i fleire land i tida framover.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt