Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 
Til toppjobb i Bergen

Til toppjobb i Bergen

Elin Folgerø Styve er tilsett som kommunikasjonsdirektør for Høgskolen i Bergen.

Publisert 26.01.12 10:47
Endret 26.01.12 10:47

– Dette er ein jobb midt i mi gate og som eg berre ikkje kunne seia nei til. Strategisk kommunikasjon er mitt fagfelt, seier Elin Folgerø Styve til Strilen.

Folgerø Styve er i dag dagleg leiar for Nordhordland Utviklingsselskap IKS, inntil nyleg Regionrådet Nordhordland, med kontorstad i Knarvik. Dette er ei stilling ho har hatt i halvanna år.

– At eg sluttar der, er absolutt ikkje uttrykk for at eg ikkje har likt meg. Tvert om, det vert tungt å slutta, men denne jobben måtte eg berre ta, seier ei smilande Folgerø Styve.

Universitet?
Som kommunikasjonsdirektør vil ho gå inn i toppleiinga for Høgskolen i Bergen. Høgskolen utdannar i dag både lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar, fysioterapeutar, sosionomar og fleire yrkesgrupper. I dag er Høgskolen spreidd på mange ulike stader i Bergen, men i 2014 skal dei flytta inn i nye lokale på Kronstad.

– Høgskolen har også planar om å driva meir med forsking og vil søkja om status som universitetet, og det er også ein veldig spennande prosess å vera med på, seier Folgerø Styve.

Ho har tidlegare jobba med kommunikasjon både hos Norges Handelshøgskole og Universitetet i Bergen.

Jobba med unge
Folgerø Styve vil begynna i den nye jobben i midten av mars.

– Endå ein annan grunn til at eg sa ja til denne jobben, er at eg vil få jobba i eit miljø med mykje unge folk. Det er noko er trivst veldig godt med, seier ho.

Det var fleire kandidatar som kjempa om jobben, og ein har vore gjennom ein normal tilsetjingsprosess, seier ho.

Folgerø Styve er busett på Hjelmås og skal halda fram med det.

– No vert det kanskje å ta båten til byen, seier ho. Stillinga som ho no har, vil verta utlyst i næraste framtid.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler