Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tilrår bom på Radøy-grensa

Del | |
RADØY: Det bør koma ein bom på grensa mellom Radøy og Lindås og ein ved Nordhordlandsbrua, meiner Helge Hopen som arbeider med bompengesøknaden på oppdrag frå regionrådet. Han presenterte resultatet av ei stor trafikkteljing for styret i Regionrådet i går ettermiddag. Styret skal ta stilling til saka i neste veke og kommunestyra får bompengesaka til behandling over nyttår.
Publisert 04.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Sidan mykje av pengane i fase ein i den såkalla Nordhordlandspakken vil koma folk på Radøy til gode, bør dei også vera med på å betala bompengar gjennom ein eigen bomstasjon. Det meiner Helge Hopen, som jobbar med bompengesøknaden på vegner av Regionrådet.
Hopen meiner det bør vera ein stasjon ved Nordhodlandsbrua og ein på Kalneset, på grensa mellom Lindås og Radøy.

Ny veg
Ny veg mellom Tolleshaug og Soltveit, med arm til Manger, er det dyraste prosjektet i fase ein av Nordhordlandspakken.
Ein bomstasjon på Kalneset kan gje ei nettoinntekt på 25 millionar kroner på ni år. Det vil redusera bompengeperioden med eit halvt år.
Hopen meinte på den andre sida at det er meiningslaust på oppretta full ring rundt Knarvik/Frekhaug  med stasjonar både på Åse, i Gjervik og på Krossnessundbrua, sjølv om desse ville gje større inntekter i kroner og øre enn stasjonen på Kalneset. Ei bom på Fosnstraumbrua er ikkje aktuell fordi den ville gå med underskot på grunn av liten trafikk.
Minst to
Hopen fekk full støtte frå melandsordførar Solbjørg Åmdal Sandvik då han la fram dette forslaget for Regionrådet i går.
? Eg trur ikkje det er mogeleg å få fleirtal for ein bompengesøknad i kommunestyret i Meland viss det ikkje vert meir enn ein bomstasjon, sa ho.
Ho ville heller ikkje knyta bomstasjonen til Nordhordlandsbrua.
? Brua er nedbetalt. La oss kalla bomstasjonen noko anna, bad ho.
Også Tove Linne Brandvik, ordførar i Lindås, støtta framlegget om å ha fleire bomstasjonar og viste til tidelgare vedtak i kommunestyret.
Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt ville derimot ikkje utan vidare gå inn for ein bomstasjon også på Radøy.
Regionrådet tok ikkje stilling til saka i møtet i går. Det vert eit nytt møte i neste veke.

Trafikkmønster
I møtet i Regionrådet la Hopen fram resultatat frå trafikkteljinga som har vorte gjennomført i Nordhordland for å vurdera bompengesøknaden og plassering av bomstasjonar. Trafikken vart målt fire dagar i slutten av august: ein laurdag, ein søndag og ein torsdag om føremiddagen og ettermiddagen. Målingane vart gjort på Nordhordlandsbrua, på Krossnessundbrua i Meland, ved avkøyringa til Åse på Rv 57, i Gjervik på E 39, i Storheimstø på Rv  565 og på Fosnstraumbrua på Rv 565 på grensa mellom Radøy og Austrheim.

Halvparten til Bergen
Tala viser at av trafikken som går over Nordhordlandsbrua, går 26 prosent til Meland, 18 prosent til Knarvik/Alversund, 12 prosent til Radøy, to prosent til Austrheim vest, 19 prosent til Lindås/Mongstad og Austrheim aust og 23 prosent E 39 mot nord. Målinga er gjort i begge køyreretningar Målinga viser og at om lag halvparten av trafikken på alle målestasjonane utanom Fosnestraumen er gjennomgangstrafikk til/frå Bergen.
Målinga viser at køyretøy pr. døger er om lag 12.100 på Nordhordlandbrua, 6.500 på Krossnessundbrua, 5.200 i Gjervik, 4.300 på Åse, 2.700 i Storheimstø og 900 på Fosnstraumbrua.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt