Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tilrår krav om CO2-handtering

Del | |
LINDÅS: SFT rår regjeringa til å krevja CO2-handtering frå første dag ved det planlagde gasskraftverket på Mongstad.
Publisert 18.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Statoil har tidlegare sagt at dei kjem til å leggja prosjektet på is, dersom det kjem eit slikt krav. Dersom regjeringa vel å følgja tilrådinga frå SFT, er det dermed svært usikkert om det vert noko av dette kraftvarmeverket.

Global oppvarming
? Gasskraftverk utan CO2-handtering er ikkje berekraftig i et langsiktig perspektiv. SFT tilrår difor at Miljøverndepartementet stiller krav om CO2-håndtering frå den dagen Statoil sitt planlagde kraftvarmeverk på Mongstad vert sett i drift, heiter det i uttalen frå SFT.
Tilsynet viser til at menneskeskapte klimaendringar er ein av dei største miljøutfordringane verda står overfor. FN sitt klimapanel (IPCC) har konkludert med at dei globale utsleppa av klimagassar må reduserast med 50-80 prosent i løpet av dei neste 50 åra for å avgrensa den globale temperaturstigninga til 2 grader Celsius.
SFT meiner difor det er viktig å unngå nye store utsleppskjelder. Noreg bør stimulera til utvikling og implementering av teknologi for CO2-håndtering.

Aukar CO2-utslepp
? CO2-håndtering frå første dag gjev den beste tryggleiken for at det vert etablert eit kraftvarmeverk på Mongstad som ikkje medverkar til å auka dei norske utsleppa av klimagassar i lang tid framover, uttalar SFT-direktør Håvard Holm i ei melding.
SFT meiner det er ein reell fare for at CO2-handteringa ikkje kjem på plass som forutsett dersom det vert akseptert at bygginga av kraftvarmeverket og løysinga for CO2-håndtering vert skilt i tid.

Døra på gløtt?
Sjølv om innleiinga på meldinga frå SFT er klar og eintydig, kan ein tolka formuleringane lenger nede i meldinga som at SFT opnar for at reinseanlegget kjem seinare. Her står det følgjande:
«SFT ser likevel at det i denne saka er argument for å tillata at kraftvarmeverket på Mongstad i ein overgangsperiode vert drive før fangstanlegget for CO2 er på plass. Arbeidet med å prosjektera og byggja eit reinseanlegg for CO2 - både frå det omsøkte kraftvarmeverket og frå det eksisterande raffineriet på Mongstad - kan i følgje Statoil ta opptil fem år.»

Støtte til Statoil-argument
Vidare i meldinga står det at dersom kraftvarmeverket kan byggjast utan CO2-handtering, vil dette kunna representera ei tidlegare løysning på Statoil sine utfordringar for å betra energieffektiviteten ved oljeraffineriet på Mongstad. Dette vil også ha ein positiv effekt på kraftforsyningssituasjonen i området. Mongstad-verket har fordelar samanlikna med reine gasskraftverk fordi ein her kan gjenbruka varmen frå kraftverket, heiter det i meldinga. Dette avsnittet støttar med andre opp om argumenta til Statoil i denne saka.
Sjølv om SFT tilrår CO2-handtering frå første dag, slik det står i første delen av meldinga frå tilsynet, er det opp til Miljøverndepartementet om dei vil følgja dette rådet eller ikkje. Ei så prinsipiell sak, vil nok og verta drøfta i regjeringa. Dette vert ei vanskeleg avgjerd for regjeringa, då det finst både sterke motstandarar og tilhengarar for å tillata kraftverk utan CO2-handtering i regjeringspartia.

Viken er forundra
? Eg synest det er merkeleg at SFT ikkje tilrår det som kan verta det største ENØK-prosjektet i landet. Dette prosjektet hadde vorte applaudert i alle andre land, seier direktør Bjørn Kåre Viken ved Statoil Mongstad.
Han påpeikar at det er Miljøverndepartementet som skal ta avgjerda i denne saka, ikkje SFT. Men han er forundra over at SFT ikkje vektelegg meir dei positive miljøverknadane eit kraftvarmeverk vil gje.
Viken seier og at folk på Mongstad no er skuffa. Ei rekkje gode prosjekt som hadde kome i kjølvatnet av kraftvarmeverket, kan ikkje realiserast dersom det er snakk om reinsing frå første dag, og kraftverket ikkje kan byggjast.
? Står Statoil framleis på at prosjektet ikkje vert realisert dersom det vert krav om CO2-handtering frå første dag?
? Ja. Det er klart at det ikkje vil vera berekraftig dersom energiprisen frå kraftvarmeverket vert dobla, seier han.
Ei løysning for CO2-handtering er veldig kostbar, og dette vil altså påverka prisen på energien levert frå anlegget.
? Kva om regjeringa er villige til å betala for CO2-reinsinga?
? Det er sjølvsagt interessant. Men vårt problem no er tida. Innan 20. september må me bestemma om kraftvarmeverket skal byggjast. Dette av omsyn til vidare kontraktar, seier Viken.
 
Til Stortinget
? Dersom regjeringa seier nei til eit kraftvarmeverk på Mongstad utan reinsing frå første dag, vil me krevja saka lagt fram for Stortinget, seier stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H).
Sjølv om regjeringa har fleirtal på Stortinget, meiner han at utfallet ved ei avrøysting vil vera uviss. Han viser til at fleire stortingsrepresentantar frå Arbeiderpartiet har markert seg kraftig som tilhengarar av dette og andre gasskraftutbyggingar. Dersom regjeringa avslår Statoil sin søknad, meiner han at utfallet i ei stortingsavrøysting kan verta positiv dersom desse Ap-representantane røystar for.
Halleraker har ikkje noko formeining om kva regjeringa bestemmer seg for i denne saka, men håpar at dei godkjenner søknaden frå Statoil. Men sjølv om SFT tilrår CO2-handtering frå dag ein, er det formuleringar både i denne uttalen og i uttalen frå NVE som gjev regjeringa grunnlag for å godkjenna eit kraftvarmeverk utan CO2-handtering frå første dag, meiner Halleraker.
Han viser til fleire positive miljøeffektar av denne utbygginga, og har lita forståing for motførestellingane.
? Alternativet til å utnytta gassen på Mongstad, er å senda han til forbrenning i Europa. Det vert ikkje sleppt ut mindre CO2 til atmosfæren av det, seier Halleraker.
Han meiner forpliktingane i høve Kyotoavtalen kan løysast ved at Noreg kjøper kvotar frå andre land. Det er dette kvotesystemet er til for. LO har og argumentert for dette.
? Eg stiller meg heilt uforståande til den symbolargumentasjonen som SFT kjem med i denne saka, seier stortingsrepresentanten.


Nordvik er optimistisk
Idustrilagsleiar Svein M. Nordvik er meir optimistisk i høve realisering av kraftvarmeverket no enn før uttalen frå SFT kom.
? Det var ikkje uventa at SFT kom til å tilrå CO2-handtering. Men uttalen inneheld også ein del runde formuleringar som kan tolkast positivt i høve søknaden frå Statoil, seier Nordvik.
Han viser og til uttalen frå miljøvernminister Helen Bjørnøy på departementet sine nettsider. Her seier Bjørnøy at ho vil grå grundig inn i tilrådinga frå SFT, før Miljøverndepartementet tek avgjerd i saka. Men Bjørnøy understrekar også at det ikkje vil verta gjeve nye konsesjonar utan at det vert stilt krav til CO2-handtering.
Nordvik meiner miljøvernministeren i denne uttalen er mindre kategorisk enn ved ein tidlegare uttale i år. Mellom anna seier ho ikkje at kravet om CO2-handtering må skje frå første dag.

Glade naturvernarar
? Me er glad for at me i Naturvernforbundet og staten sine fagpersonar på klima har same oppfatning i denne saka, seier fagmerdarbeidar i Naturvernforbundet Hordaland, Erik Natvig.
Han forventar no at miljøvernminister Helen Bjørnøy følgjer opp dette med å krevja CO2-handtering frå dag ein ved gasskraftverket på Mongstad. Han forventar og at statsråden stiller krav om at Statoil gjer noko med eksisterande utslepp frå raffineriet.
? Me ønskjer eit gasskraftverk på Mongstad velkomen dersom det vert med CO2-handtering frå dag ein, seier Natvig.
Han har liten forståing for argumentet med at CO2-utsleppa vert dei same om gassen vert brend i Noreg eller i Europa. Dersom dette er ei problemstilling, må ein heller sjå på om ein bør setja ned tempoet i utvinninga av gass og olje frå Nordsjøen, meiner Natvig.
Han meiner at staten bør kunna gå inn med økonomisk stønad til slik CO2-handtering, men meiner at Statoil også må medverka til dette.





Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt