Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 

Tilrår tildekking av ubåten

FEDJE: Tildekking av ubåten vert tilrådd som beste alternativ i ny rapport lagt fram i dag.

Publisert 25.01.12 11:56
Endret 25.01.12 14:22

– Tildekking er det billigaste og det alternativet som utgjer minst miljørisiko på kort sikt, konkluderte Paul Torgersen i konsulentselskapet Metier AS og Møreforsking Molde AS då han la fram rapporten onsdag føremiddag.

 Ei kvalitetssikring
Rapporten er ei ekstern kvalitetssikring av Kystverket si utgreiing av dei ulike alternativa for den vidare handteringa av vraket av ubåten U-864, bestilt på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet.

Onsdag vart rapporten presentert og overlevert Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

– Eg lovar å setja meg grundig inn i saka før eg legg ho fram for Stortinget, kommenterte ho då mottok rapporten.

Frårår vidare utgreiing
Konsulentselskapet meiner grunnlaget som no er etablert, er så godt at ein ikkje treng meir informasjon for å treffa ei avgjerd.

Difor frårår dei noka vidare utgreiing.

Torgersen fortalte at dei har registrert at problemstillingane blant interessentane ofte vert omtalte som «heving av ubåt» versus «tildekking».

Men fokus på etterhandteringa har det vore mindre av.

Difor har dei delt inn dei ulike alternativa ut ifrå ei meir konkretisering av risikobildet, sa han.

Seks alternativ
0-alternativet betyr å ikkje gjera anna enn å vidareføra miljøovervakinga slik som i dag, men det er ikkje i tråd med fastsette miljømål.

Med alternativ 1 meiner dei å dekka til vrakdelane og dei forureina sedimenta i området slik at ein hindrar ytterlegare spreiing.

Alternativ 2 er å heva vrakdelane og dekka til resterande massar.

På denne måten forventar ein å få opp 60-95 % av kvikksølvet, men det er framleis mykje igjen å dekka til.

Alternativ 3 er heving av last og tildekking av vraket og mudring i området rundt.

Då får ein opp 70-95 % av kviksølvet. Også her må ein dekka til den resterande forureininga.

Alternativ 4a, går på heving av vrak, storskalamudring og landdeponi, og 4b på heving av last, storskalamudring og landdeponi.

Som Kystverket
Ut ifrå analysering av desse alternativa har konsulentane vurdert det slik at heving av vrak er meir omfattande og risikofylt enn heving av last.

Men begge er verre enn tildekking åleine, sa Torgersen.

Han la til at dersom ein ikkje har tru på tildekking som verkemiddel, bør ein ikkje velja alternativ 2 og 3.

Har ein heller ikkje tru på heving av vraket, må ein også sjå alternativa 2 og 4a som uaktuelle.

– Då bør ein gå for 3 og 4b, for heving av last er betre enn vrak, sa han.

Men konsulentane landa, som Kystverket, altså på tildekking av heile sulamitten.

Dette på grunn av at tildekking er billigast og at miljørisikoen knytt til kvikksølvforureininga er minst på kort sikt.

På lang sikt, derimot, er risikoen jamstilt med dei andre alternativa.

 

 


 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler