Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tilsette fryktar for jobbane

Del | |
Smyril Line frå Færøyane blir ny hovudaksjonær i Ford Line AS. Noverande storeigarar TFDS og Fjord1 vil eiga resten av aksjane. Tilsette i Fjord Line fryktar for å missa jobbane, og mange aksjeeigarar i Nordhordlad taper pengar.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48
Refinansieringa inneber at ein får inn 155 millionar kroner i ny kapital, i følgje ei melding frå Fjord Line. Nær halvparten av dette vert ny aksjekapital frå det færøyske selskapet og noverande storeigarar, medan resten er bidrag frå KS Nordsjøferger, Fjord Line sine bankar og gjennom sal av aktiva i Fjord Line. Noverande aksjeverdi vert nedskriven til kr 0. Fjord Line skal framleis vera eit eige selskap.

Tilsette reagerer
Hovudtillitsvalt Sigvart Bjørkevik i Norsk Sjømannsforbund reagerer sterkt på både at eit utanlandsk selskap no tek over 66 prosent av aksjane i Fjord Line, og at leiinga i Fjord Line ikkje med ein gong går ut til dei tilsette med informasjon om kva som skal skje vidare.
Mange er frustrerte og redde for jobbane sine, og er redde for at dei no skal verta erstatta med utanlandsk arbeidskraft. Selskapet burde difor ha gått ut med informasjon om kva planar dei har med ein gong, seier han.

Heilårsdrift
Sidan han er tillitsvald er han sjølv informert, men har ikkje høve til å fortelje dette vidare til dei andre tilsette enno. Dei tilsette har vore optimistiske i det siste, då den nye regjeringa har lova å vidareføra nettolønsordninga. Den optimismen er no erstatta med frykt og frustrasjon. I følgje Fjord Line er det om lag 20 personar med adresse i Nordhordland i selskapet. Men det er og ein del tilsette med adresse i Bergen som kjem frå regionen.
Ny kapital vil gjera det mogleg med heilårsdrift, slik at Fjord Line kan konkurrera med Colour Line gjennom vinteren, seier informasjonsdirektør i Fjord Line, Atle Kvamme.
- Kva som skjer vidare er avhengig av kva tankar dei nye eigarane har. Men det har vore svært viktig å få på plass desse finansielle og eigarmessige endringane, seier styreleiar i Fjord Line, Jens Kristian Johnsen.
To av hovudeigarane i Fjord Line, TFDS og Fjord 1, ville selja seg ut eller redusera eigarskapet sitt. Dette har vore kjent ei stund. Samstundes var det heilt nødvendig å få på plass ny finansiering, i følgje Johnsen.
Dersom det ikkje kom inn ny kapital ville Fjord Line fått store problem i løpet av vinteren. Johnsen kan elles ikkje seia sikkert om kva konsekvensar endringa vil få verken for tilsette eller for rutetilbodet til Fjord Line.

Strategisk investering
- For oss er dette ei strategisk investering som skal gje synergieffektar både for oss og for Fjord Line, seier styreleiar Thomas Magnussen i P/F Smyril Line. Heller ikkje han kan seia noko om kva omstruktureringa vil bety for dei tilsette, då han ikkje kjenner til rekonstruksjonsplanen som Fjord Line ha jobba med.
Etter det Strilen kjenner til skal dei tilsette informerast nærmare på eit allmannamøte om kort tid.
Planane skal godkjennast av aksjonærane på ei ekstraordinær generalforsamling i Fjord Line før dei kan gjennomførast. Også hjå Smyril Line skal eigarane god kjenna investeringa.

Taper 100.000
Bjarne Storheim på Radøy er ein av fleire aksjeeigarar i Nordhordland som taper pengar, for hans del over 100.000 kroner. Storheim er ein av 3000 småaksjonærar som taper til saman rundt seks millionar kroner ut frå dagens aksjeverdi på fem kroner.
? Men me gamle BNR-aksjonærar har opplevd litt av kvart. Og kulturen blant oss er nok slik at me berre ristar på hovudet og legg det heile bak oss, seier Storheim.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt