Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tilståing etter postbilranet

Del | |
MELAND: To menn i tjueåra har tilstått at dei var med på å stela ein postbil i Meland måndag.
Publisert 10.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dei to som har tilstått, har i sine forklaringar drege inn ein tredje mann, også han i tjueåra. Tredjemann har nekta for å vera involvert i ranet, men etter vitneforklaringar frå mellom andre postmannen og dei to ranarane som har tilstått, har retten kome fram til at det er skjellig grunn til mistanke også mot han.
Alle dei tre vart i Nordhordland tingrett torsdag varetektsfengsla for fire veker, fram til torsdag 7. desember.

Stal postbil
Det var måndag denne veka at postmannen vart overmanna medan var ute på runden. På Hestnes i 14.30-tida vart bilen stolen og postmannen måtte også gje frå seg mobiltelefonen.
Bilen vart funnen berre nokre timar seinare på Frekhaug, og tysdag ettermiddag greip så politiet dei tre mennene som no er varetektsfengsla.

Lite utbytte
Ifølgje Bergens Tidende skal dei tre mennene ha fått med seg 11.000 kroner frå bilen fordelt på kontantar og frimerke.
Dei skal ha hatt tankar om at postmannen ville ha med seg større summar, då dei trudde at alle trygdeutbetalingar vart gjort kontant frå postbilen. Slik er det ikkje, og i tillegg var det heller ikkje trygdeutbetaling måndag då dei stal postbilen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt