Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tiltalt for bildrap etter dødsulukke

Del | |
MELAND: Bilføraren som køyrde ned ei 15 år gamal jente på Frekhaug, er no tiltalt for uaksamt drap på grunn av høg fart.
Publisert 20.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er ikkje foreldra som har bede om at det vert tatt ut tiltale. Dette er ei sjølvstendig vurdering som påtalemakta har gjort, seier politiadvokat Jan Grahl Madsen til Strilen.
Etter tiltalen hadde 22-åringen ein fart på heile 114 km/t då han kjørte på den 15 år gamle Meland-jenta. Ho vart kritisk skadd og døydde to dagar etterpå på Haukeland Universitetssjukehus.
? Farten er basert på målingar, blant anna av bremsespor, som er gjort av Statens vegvesen, seier Grahl Madsen.
22-åringen nektar straffeskuld. Han meiner sjølv at han ikkje hadde meir enn 70 km/t i 60-sona. Bilføraren sin advokat, Vegard Austgulen, seier til BA at ulukkesstaden ikkje var merka for kryssande trafikk, ettersom det berre er laga ein passasje i autovernet.
Den fatale ulukka skjedde ved 20-tida torsdag 20. oktober. 15-åringen var ute og sykla saman med ei jamnaldrande veninne, som vart lettare skadd.
Jenta som omkom var elev i 10. klasse ved Meland ungdomsskule, og ho hadde svært mange vener i det lokale ungdomsmiljøet, ikkje berre i Meland.
Saka skal opp i Nordhordland Tingrett 18. og 19. september. Retten skal også på synfaring.
? Slike saker endar ofte opp med ubetinga fengsel, seier politiadvokat Grahl Madsen. Tiltalen lyder i dette tilfelle på uaktsamt drap under særdeles skjerpande omstende, med ei strafferamme på inntil seks års fengsel.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt