Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Timesvis i telefonkø til Radøy legekontor

Del | |
RADØY: Ragnhild Werøy reagerer etter at ho brukte heile måndagen utan å koma gjennom på telefon til Radøy legekontor. Også eldrerådet i Radøy ser på telefonkøen som eit problem.
Publisert 30.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Måndag denne veka var Ragnhild Werøy involvert i ei mindre bilulukke. Etter hendinga var ho øm i nakken, og ville til lege for å få ein sjekk. Men det var ikkje så lett.

? Eg ringte til legekontoret heile måndag, utan hell, seier Ragnhild Werøy.

Legesjekken var også viktig med tanke på eventuelle seinskadar, dersom ho seinare skulle få problem med nakken.

? Eg ville til lege for å få dokumentert at det hadde skjedd noko.

Ein slik legesjekk er noko av det første forsikringsselskapa spør etter dersom det seinare skulle verta snakk om ei skadeutbetaling.


Tysdag to timar

Etter å ha ringt heile måndagen utan å koma gjennom måtte Werøy prøva att på telefonen tysdag. Etter to timar kom ho gjennom, og fekk då beskjed om at ho kunne koma til straks, eller få ein time om to-tre veker.

? Akkurat då var eg ikkje på Manger, og kunne ikkje koma med ein gong.

Løysinga for Werøy var å møta opp på legekontoret onsdag 08.00, og venta på dei akutt-timane som var til fordeling. Etter tre timars ventetid fekk ho då gjort unna legesjekken.

Ragnhild Werøy skryt av kort ventetid til vanleg legetime, og er oppteken av å få fram at ho ikkje er misnøgd med legekontoret i seg sjølv. Det ho reagerer på er at det er så vanskeleg å koma gjennom på telefonen.

? Systemet er for dårleg. Til dømes heiter det at ein må avbestilla legetimar seinast 24 timar før, men kva om ein ikkje kjem gjennom på telefonen? Eit eller anna må det vera mogleg å gjera, seier Werøy.

Ho viser også til at dei som ringer må betala dyrt for ventetida. Når ein ringer legekontoret kjem ein først inn på ein svarar som opplyser om nummeret til legevakta i Knarvik. Når ein så ventar vidare går teljarskritta.

? No ventar eg på mobilrekninga for desse to dagane, seier Ragnhild Werøy.

 

Oppe i eldrerådet

I eldrerådet i Radøy har telefonkøen ved legekontoret vore oppe som ei eiga sak. Under eventuelt-punktet på siste møte tok Vemund Gunnarson opp spørsmålet, etter at han hadde vorte kontakta om problemet.

? Alle i rådet kjende til problemet, seier Vemund Gunnarson.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt