Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

To frå Lindås på Stortinget

Del | |
Lindåsordførar Tove Linnea Brandvik (Ap) møter som vara på Stortinget sidan Anne-Grethe Strøm-Eriksen vert forsvarsminister. Brandvik skal vikariera fram til 23. november.Les også[Hagesæter ynskjer Brandvik velkommen]
Publisert 22.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Lindås får dermed truleg for første gong to personar samstundes på Stortinget, Brandvik og Gjermund Hagesæter (FrP). Dette skjer i tillegg under budsjettbehandlinga i haust. Det nærmaste ein har vore ein slik situasjon var i siste periode då Pål Kårbø (KrF) frå Meland var inne eit par gongar som vara.
Situasjonen no har oppstått fordi Hilde M. Lydvo har svangerskapspermisjon, samstundes som Strøm-Erichsen har fått statsrådsposten. Dermed får Dag Ole Teigen fast plass på tinget, og Brandvik møter som 1. vara.

Sommarfuglar i magen
Brandvik reiser til Oslo i dag tidleg. Gårsdagen gjekk med til å fordela oppgåvene hennar i Lindås kommune til andre. Varaordførar Kaare Gaulen (KrF) tek over Brandvik sin jobb som ordførar i Lindås medan ho er vekke.
? Var du førebudd på dette?
? Ja, det er klart at når ein står slik til på lista, må ein vera førebudd på at ein må ta ein tur til Oslo, seier Brandvik.
Ho vedgår å ha ein del sommarfuglar i magen for tida, og synest det er ekstra spennande å vera med i ein periode når budsjettet for 2006 skal vedtakast.

Held fram som ordførar
Det er ikkje snakk om å trekkja seg som ordførar i Lindås. Brandvik fortel at det er svært varierande kor mykje varamedlemer får møta på Stortinget. Dette kjem an på reiseaktiviteten til dei andre representantane frå Hordaland, sjukdom og liknande. Nokon gongar er det lite og andre gongar mykje. Men dersom ho vert svært mykje vekke frå ordførarvervet, kan det verta snakk om å vurdera situasjonen på nytt, fortel ho.
Det som er sikkert no, er at ho skal møta som stortingsrepresentant fram til 23. november i år.

For Nordhordland
Brandvik lovar å kjempa for å få på plass pengar til opprydding i og rundt vraket av ubåten U864 ved Fedje. I statsbudsjettet som vart lagt fram fredag var det ikkje sett av pengar til dette.
Ei anna sak som Brandvik er oppteken av er å få på plass energiverket på Mongstad når den saka vert aktuell. Ho er elles oppteken at løyvingane til kommunane ikkje må verta øyremerkte.
? Løyvingane til kommunane må vera frie midlar, då kommunane i Noreg har ulike utfordringar. Øyremerking er ein uting, seier Brandvik.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt