Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

To nye NM-gull til Radøy

Del | |
RADØY: To radværingar har sikra kommunen to nye NM-gull. I Moss klarte Alexander Steinsland (over) 200 kilo i benkpress. I Sandane vann Kim André Erstad 800 meter.
Publisert 29.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg hadde eigentleg tenkt å klara litt meir, kanskje 210 kilo. Men benken me brukte var litt uvant, seier den nybakte noregsmeisteren på telefon heime frå Nordre Austmarka på Radøy.
NM-gullet tok Alexander Steinsland i Moss laurdag, der han deltok saman med ein liten tropp frå Radøy. Førebels har han ingen pokal å visa fram for topplasseringa i ungdomsklassen. Premieutdelinga var så seint at ein del av dei lokale løftarane hadde lagt på heimveg.
Ein kamerat som går på skule i Sogn har tatt vare på pokalen, som han tek med seg til Radøy til helga.

Aktiv i 10 månader
Frå før har Jarle Steinsland eit KM-gull å visa til, etter å ha vore aktiv innan styrkeløft i ti månader.
? Men eg har trent med vekter og vore interessert i styrkeløft sidan eg gjekk på ungdomsskulen, fortel kraftkaren frå Radøy. Steinsland er for tida lærling ved RadøyGruppen på Vetås.
Tidlegare dreiv han også med knebøy og markløft, men ein forskyvning i ryggen hindrar at han i å driva desse øvingane no. Dette gjer at det berre er benkpress han kan satsa på no.

Tre økter for veka
Formen held Alexander ved like gjennom tre treningsøkter for veka på treningsstudio i Knarvik.
? Eg trenar om lag halvannan time kvar økt. I dag ligg eg 20 kilo under verdsrekorden i ungdomsklassen. Eg veit ikkje kven som har rekorden, men kjem til å prøva å slå han før eg vert junior frå nyttår, seier den nybakte noregsmeisteren.
Han føler at han per dato i alle høve har 210 kilo inne.
Neste år reknar han med tøffare konkurranse i juniorklassen.

Ny gull til Erstad

Ein gull, ein sølv og tre bronse er fasit etter to dagar med friidrett på Sandane stadion i Sogn og Fjordane.
Ikkje overraskande kneip Emil André Erstad (i midten på biletet over) gullet på 800 meter. Denne gongen vart det eit lureløp der Erstad avgjorde i spurten.
? Emil André tok også sølv på 1000 meter. Her var vinnaren så suveren at det ikkje nytta å halda følgje. Men Emil André er likevel godt nøgd etter å ha persa seg med ni sekund på denne distansen, seier lagleiaren.
Den eine av tre bronsemedaljar gjekk til Sandra Sudmann i diskos. Dei to andre ordna Heidi Ann Bruknapp, på 100 og 200 meter.
? På begge distansane var det knapp margin til sølvet, opplyser Harald Oland Øvretveit.AKS-77 hadde også med eit jentelag på 1000 meter stafett der Solvor Osland Øvretveit, Sigrid Johansen, Heidi Ann Bruknapp og Lisbeth Neteland deltok. Laget sprang inn til ein fjerdeplass. Neteland gjorde også ein bra innsats på 800 meter. Kristoffer Eidsnes vart utslått i forsøket på 100 meter.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt