Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

To skadde i trafikkulukke

Del | |
AUSTRHEIM: To ungdommar vart skadde i ei trafikkulukke på Rv 57 i Leirvåg måndag ettermiddag. For føraren på 19 er tilstanden alvorleg, men stabil, får Strilen opplyst ved Haukeland universitetssjukehus tysdag føremiddag.
Publisert 18.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Ulukka skjedde då bilen for utfor vegen og hamna i eit tre. Både folk frå politiet og Statens vegvesen har tysdag føremiddag vore på staden for å undersøkja om der er spor som kan forklara ulukka. Det var ikkje andre bilar involverte.
For føraren er tilstanden «alvorleg og stabil». Han er operert for brotskadar og får intensivbehandling, heiter det i ei melding frå sjukehuset utsendt ved 11.20-tida tysdag.
Ein 18 år gammal gut som sat på, er lettare skadd. For han er tilstanden stabil, og han er tysdag overflytta til ortopedisk avdeling.

Tiltalt

Føraren av ulukkesbilen er den same som køyrde bilen på Hopeflaten i januar i fjor då ein 16 år gammal kamerat omkom. Saka vart då etterforska for høg fart, men vart lagd bort av Hordaland politidistrikt. Henlegginga vart klaga inn for Statsadvokaten i Hordaland av foreldra til 16-åringen som omkom. Statsadvokaten bestemte i desember i fjor at guten skulle tiltalast. Tiltalen går no ut på aktlaus køyring med døden til følge.
Ifølgje Bergens Tidende meinte politiet å kunna dokumentera at under ulukka i fjor, vart farten over 100 km/t i timen. Guten sjølv hevda at han ikkje hadde høg fart då ulukka skjedde.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt