Tøff omstilling på Mongstad
Raffineriet på Mongstad er for tida meir eit pengesluk enn ei mjølkeku for Statoil-konsernet, og det vil merkast særleg på innleigde tenester.
Endret 01.09.11 12:28
I 2010 hadde Statoil Mongstad eit underskot på svimlande 3,5 milliardar kroner. Ei vesentleg årsak til dette er at verdien av anlegget vart skriven ned med 2,9 milliardar kroner.
– Grunnen til denne nedskrivinga er at driftsmarginane har gått kraftig ned dei seinare år. Dermed er verdien av anlegget redusert, seier informasjonssjef Jon Halstein Tjore til Strilen.
Prisane på råvarene til raffineriet har gått opp, medan prisane på ferdige oljeprodukt ikkje har auka tilsvarande.
Halvert
–I høve dei gode åra fram til 2008 har driftsmarginane gått ned til det halve, seier Tjore.
Og utsiktene i marknaden tilseier ikkje noka snarleg forbetring i innteninga, med finanskrise og oppbygging av auka raffineringskapasitet andre stader i verda, mellom anna i Asia.
Men om mykje var negativt, kan likevel raffineriet gleda seg over at dei reine driftsunderskotet i 2010 er halvert i høve til 2009.
– I fjor var driftsunderskotet 657 millionar kroner, og i 2009 nesten det doble.
Samla driftsutgifter for raffineriet i 2010 var 2,350 milliardar kroner.
Halv milliard
Raffineriet er pålagt å driva endå meir effektiv enn no.
– Me har eit forbetringsprogram, der målet å redusera driftskostnadene med ein halv milliard kroner fram til 2014. Det er klart at me no er inne i ein tøff periode, seier Tjore.
Men å stengja anlegget på Mongstad er ikkje aktuelt no, og det er heller ikkje planar om å seia opp fast tilsette, som no ligg rundt 800.
Mindre innleigd
Dei som først og fremst vil merka dei trongare tidene, er firma som sel varer og tenester til raffineriet.
– Det er noko som desse selskapa nok alt har merka, og som dei i tida framover vil merka endå meir, seier Tjore.
– Det er klart at me i den situasjonen me står i, må vurdera alle tiltak og utgifter nøye. Men det vil ikkje verta kutta i naudsynt vedlikehald.
Når det gjeld oppgraderingar, er situasjonen ein annan. Ein skal i næraste framtid ta stilling til om koksanlegget skal oppgraderast for ein halv milliard kroner eller ikkje.
Tøft før og
– Ein har vore gjennom tøffe periodar med store underskot på Mongstad før og. Takk vera dei tiltaka som då vart gjorde, fekk ein ta del i oppturen som kom etterpå, seier Tjore.
I ein tøff marknad er det viktig å driva så rasjonelt og kostnadseffektivt som mogeleg, og det vil vera fokuset på Mongstad framover.
Men sjølv om kranane vert skrudde til på Mongstad, reknar ikkje Tjore med at dei vil ha behov for færre lærlingar. Statoil Mongstad er ei viktig lærlingbedrift, som årleg tek inn 35 lærlingar.
– Med auka konkurranse er det desto viktigare at me klarar å rekruttera dei beste folka, påpeikar Tjore.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





