Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tøffe krav til vindmøller

Del | |
GULEN: Ingen vindmøller som er høgare enn 125 meter. Det er eitt av krava frå Brandangersundet Interessegruppe til ein eventuell vindmøllepark på Setenesfjellet.
Publisert 29.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Høgda på eventuelle vindmøller på Setenesfjellet kan verta eit stridstema. Det er klart etter at Brandangersundet Interessegruppe i eit innspel til reguleringsplanen for området, krev at ingen vindmøller, rotorblad medrekna, må vera høgare enn 125 meter. Dette fordi ein ikkje ønskjer for dominerande innslag i landskapet.
I planane som Fred. Olsen Renewables as har operert med å langt, har det vore snakk om vindmøller på 200 meter. Det er planlagt cirka 20 vindmøller.
Ikkje på toppane
Interessegruppa, som representerer lokale grunneigarar, vil heller ikkje ha vindmøller kor som helst. Dert må ikkje plasserast vindmøller rundt toppane på Veten og Storefjellet, er kravet.
Vindmøllene må plasserst nordaust i planområdet, og slik i landskapet at det vert minst mogeleg skjemmande.
Interessegruppa vil heller ikkje ha vindmøller i nedslagsfeltet til Brandangersund vassverk.
Gruppa krev og at eventuelle støyplager må dokumenterast svært nøye før konsesjon vert gjeven.

Ny veg
Eit anna krav er at det vert bygd ny veg inn i området frå Fivelsdal, langs austsida av Fivelsdalsvatnet og austsida av Sellevågvatnet. Denne løysinga kjem i staden for utvidingar av eksisterande veg, som interessegruppa meiner vil føra til store ulemper for folk i nærområdet i anleggsperioden. Den nye vegen må gjerast offentleg tilgjengeleg når anlegget er ferdig, vert det sagt.
Ein stiller seg heilt negativ til at det vert bygd ny kai i Brandanger og veg derifrå, og at vindmøllene skal fraktast den vegen opp i fjellet. Dette vil vera svært øydeleggjande for kulturlandskapet, vert det påpeika.
Fristen for å koma med uttale til planen gjekk ut 17. juni.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt