Tok 5000-meter som oppvarming
Endret 20.08.07 10:49
? Det gjekk fint. Eg starta rolig og tok ikkje ut alt eg hadde, seier ungguten til Strilen like etter løpet.
Han hadde knapt tid til å feira sigeren før han skunda seg i veg for å spela kamp med Eikanger sitt gutelag.
? No skal eg berre ein snartur heimom for å få i meg litt mat. Kampen startar om halvannan time, seier han og kikkar kjapt på klokka.
Eikanger-gutane spelar i Gutar elite haust, og heimekampen mot Fana søndag enda 4-4. Halfdan Emil kom innpå etter om lag eit kvarter av første omgang, og spelte resten av kampen.
15-åringen frå Eikanger er ein travel kar. Han trenar kvar dag og driv med både friidrett, fotball og ski.
? Det vert ikkje så mykje skigåing no. Eg kjem nok til å satsa mest på friidretten. Det er veldig kjekt. Eg har begynt å trena litt i Knarvik i lag med løparar frå Aks-77. Eg likar utfordringa, seier han.
Spreke søsken
Halfdan-Emil Færø har mykje sprekt blod i årene. Mest heile familien hans driv med friidrett. Sjølv yngstemann Magnus Johan på 10 år er med på løp. Han var yngste deltakar i Eikangerløpet, sprang for fjerde år på rad, og forbetra persen med kring tre minutt frå i fjor.
Den lyse ungguten let seg slett ikkje skremma av at mesteparten av løparane høyrer heime i veteranklassen. Magnus sprang ved sidan av faren og hadde ingen problem med å gjennomføra 17 rundar rundt bana på Ostereidet.
? Det var litt tungt. Spesielt då me kom halvvegs, men det gjekk heilt fint, seier Magnus.
Han fortel at også han driv med fotball og ski i tillegg til friidrett.
? Det er kjekt å springa, men det er endå kjekkare å spela fotball, seier han og smiler breitt.
Tretten med
I alt 13 løparar stilte til start i årets Eikangerløp. Bjørnar Eidsheim gjekk hardt ut frå start og la seg i tet, tett følgd av Halfdan-Emil Færø og Atle Rød. Halfdan-Emil Færø tok over leiinga midtvegs i løpet og auka forspranget jamt og trutt. Dei to siste rundane hala Atle Rød innpå. Rød kom til slutt inn på ei tid tre sekund raskare enn i fjor.
Men ingen klarte å hamla opp med den unge Eikangerløparen. Færø vart klokka inn på tida 18,05 med Atle Rød som ein god nummer to på tida 18,39. Tredjeplass gjekk til Jan Ove Sagstad på tida 18,50.
Gunnar Gaulen (65) noterte seg også for ei sterk tid, han kom inn på 19,04.
Einar Færø fekk premie for 10. start og Jan Ove Sagstad for 5. start i Eikangerløpet.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





