Tok affære mot «Kjevikdalen II»
Endret 20.08.07 10:49
Det som truleg er ein kaputt varmtvasstank pynta heller ikkje opp. Litt nede i skråninga låg ei flekkverkskorg. Endå litt lenger nede setet frå ein bil og nokre plastkanner.
Ein svart plastsekk var dumpa. Til og med ein svart plastdunk har nokon slengt frå seg. Kanskje NGIR finn syndaren ved å notera nummeret og gå i registeret sitt?
Ta ein kikk
? Utruleg at noko slikt går an! var reaksjonen frå ein bilist som fekk høyra om dumpinga berre nokre hundre meter frå innkøyringa til NGIR sitt anlegg i Kjevidalen.
? Ta ein nærare kikk! var tipset Strilen fekk frå folk i Lindås Idrettslag som nyleg var med og arrangerte Lindås Halvmaraton. Oppmodinga var å skriva om uvesenet for å medverka til at fyllinga ikkje får utvikla seg. Dei observerte ei grå varevogn med grøne skilt som kom ut frå avkøyringa der dumpinga har skjedd.
Firmadumping?
Synfaringa Strilen gjorde torsdag i førre veke, tyder på at det er eit eller fleire firma som synest det er greitt å dumpa søppel her. Kanskje for å spara pengar?
Ved sida av dumpa arbeidsklede fann Strilen tre kontokort for eit bilsenter heimehøyrande i ein kommune i indre delar av fylket. Korta, som har nummer etter kvarandre, er kanskje nytta av den eller dei som har dumpa boset.
Om NGIR vil gjera undersøkingar ut frå korta, kan dei hentast hjå Strilen!
For ikkje å frista nokon, går Strilen ikkje ut med den nøyaktige plasseringa av dumpeplassen.
Kan ikkje straffa
? Me får frå tid til anna kjennskap til denne typen dumpeplassar. Men NGIR kan ikkje bøteleggja eller straffa nokon for slik dumping, påpeikar informasjonskonsulent Margunn Instefjord til Strilen.
Instefjord var ikkje var klar over at dei hadde ein slik plass så nærmt seg.
? Me vil vurdera om det som er kasta skal hentast, sa Instefjord til Strilen fredag. Utgangspunktet er at NGIR ikkje brukar ressursar på slik opprydding. Det vil vera å læra syndarane at andre ryddar opp.
? Og det er å bruka mine og dine pengar til å rydda opp etter andre, seier Instefjord.
Etter at Strilen tok kontakt førre veke, valde driftsleiar Rune Ones i NGIR å aksjonera i går.
? Eg har vore klar over den ulovlege fyllinga eit par veker. Truleg er det snakk om meir enn ein syndar, seier Ones. Gjekk alt etter planen, fjerna NGIR søppelet i går. NGIR vil og ta kontakt med grunneigaren for om mogleg å få stengt avkøyringa.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





