Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tok kona sitt slektsnamn

Del | |
MELAND: ? Opp med konene, seier Anders Magne Tolås Wendel, kyrkjelydsprest i Meland. Han har tatt kona sitt namn etter at dei gifta seg, og synest det er svakt at så få menn gjer det same.
Publisert 30.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Kvifor skal det vera sjølvsagt at kvinna skal ta mannen sitt namn? Samfunnet er tydeligvis litt patriarkalsk enno, seier Wendel.

Då den nyutdanna presten i haust gifta seg med Lisa Wendel, valde han å gjera noko ikkje mange andre gifte menn gjer. Han har nemleg tatt kona sitt slektsnamn i tillegg til sitt eige.

 

Litt ramaskrik

? Det var mange grunnar til at eg valde å ta hennar namn. Eg følte mellom anna at ho hadde strekt seg veldig langt for meg. Ho flytta til vesle Frekhaug fordi eg fekk jobb her. Me ville ha same etternamn og snakka litt att og fram. Slik at ho ikkje skulle gje vekk alt som var seg sjølv, fann eg det heilt naturleg å ta hennar namn, seier Wendel.

Familien hadde derimot større problem med å akseptera at slektsnamnet vart nedprioritert.

? Det vart litt ramaskrik heime. Dei fekk nesten ikkje sova. Til og med folk utanfor slekta reagerte. Men eg var sikker i mitt val, og let meg ikkje rikka av slikt, seier han.

 

Svakt av norske menn

Ei undersøking frå Statistisk Sentralbyrå viser at berre tre prosent av gifte menn har vald same namneløysing som Wendel. Sju prosent endra namn då dei gifta seg. Av dei som endra namnet, tok tre prosent kona sitt namn i tillegg, og tre prosent valde å berre behalda kona sitt slektsnamn.

? Eg synest det er svakt av norske menn at så få tar kona sitt slektsnamn. Det er liksom sjølvsagt at kvinna skal endra namn, men kvifor i all verda er det slik? seier Wendel. Undersøkinga viste òg at berre ein prosent valde å ta i bruk den nye namnelova som gjev høve til å laga eit felles etternamn.

? Det vurderte me ikkje å gjera. Ho skal ikkje ha mitt namn, og om det skulle verta slik at me i framtida får born, så skal dei berre heita Wendel.

Den bevisste presten er klar i sin bodskap til dei som ikkje vurderer å ta kona sitt namn.

? Opp med konene seier eg! avsluttar Wendel.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt