Tok salven i eiga hand
LINDÅS: Å kvitta seg med fem kilo ustabil dynamitt frå 1965, gjekk ikkje heilt slik «skytebasen» hadde tenkt seg. Det fekk halve Lindås erfara seint søndag kveld.
Endret 11.07.12 15:02
– Eg hadde ikkje drøymt om at det skulle smella slik, og eg beklagar sterkt dersom nokon vart redde, seier Nils Markus Bakke.
Ville få det vekk
Den 36 år gamle sauebonden og brannmannen frå Fjellanger, fortel at han fann dynamitten då han og ein kamerat rydda i løa søndag kveld.
– Det har sikkert lagt her etter bestefaren min.
Dynamitten hadde begynt å bli blaut, og med fire ungar på garden, var einaste tanken å få det langt vekk her ifrå så fort som mogleg, seier han.
At han ikkje har C-sertifikat* lenger, fekk så vera, for han kunne berre ikkje la det liggja, forklarer han.
Å frakta det til lensmannskontoret i Knarvik meinte dei ville vera for risikabelt.
Difor pakka dei heile sulamitten inn i ein varmekjeledress og kjørte til steinbrotet sørom Lyngfjelltunnelen på Lindås for å detonerte det der.
Reine atombomba
At klokka var over halv tolv søndag kveld, tenkte dei ikkje på, for dei trudde ikkje smellen kom til å bli så kraftig. Men der tok dei feil.
– Det small kollossalt og gul røyk og mold spreidde seg som reine atombomba, seier «Dynamitt-Nils», som ikkje legg skjul på at det var litt moro også.
At salven fekk hus i fleire kilometer omkrins til å rista og vindauge til å klirra, og at drønnet kunne høyrast i halve Lindås, visste ikkje Nils Markus der og då.
Men han forstod at smellet var så kraftig at det kunne vera lurt å varsla politiet. Og det gjorde han nok rett i, for han var ikkje den første som ringte, har Strilen fått vita i ettertid.
Reaksjonane hagla
Den første direkte reaksjonen på smellen fekk han frå dei som driv Vågseidestranda feriesenter.
– Dei hadde rista skikkeleg, så eg fann ut at det var best å skriva på Facebook at det var eg som stod bak smellen i tilfelle fleire lurte på kva det var, seier han.
Og det var det – langt fleire enn dei han er ven med på Facebook.
På Skauge var drønnet så sterkt at vindaugsrutene klirra og huset rista, stod det å lesa Facebook.
Déjà vu
Andre som fekk rista seg skikkeleg, var hyttenaboen, Kari Bakke på Vågseidet.
Ho hoppa i stolen då det small, fortalte ho til Strilen då ho tysdag ringte for å be om hjelp til å finna ut kva som skjedde.
– Det small skikkeleg og heile huset rista. Det var tydeleg at eksplosjonen gjekk i grunnen, seier ho.
Bakke fortel at smellet gjekk kaldt nedover ryggen på henne fordi ho framleis har støkk i seg etter eit liknande drønn ein laurdags føremiddag i 1954.
Då miste to gutar i 15-16-årsalderen livet då eit grøftedynamittlager gjekk i lufta.
Gløymer det aldri
– Det var heilt forferdeleg og gjorde eit vanvittig inntrykk. Det er mange på min alder som hugsar det, seier ho.
Det var då dei to bygutane dreiv og leika i skogen i Fjellangermarka at ulukka skjedde.
Bakke fortel at ein veit ikkje sikkert kva som skjedde.
Men gutane hadde luftgevær med seg og ein trur dei må ha sendt ei luftgeværkule inn i torvhuset der jordstyret hadde plassert grøftedynamitt.
– Jordstyret trudde nok det var trygt å lagra grøftedynamitten langt der ute i utmarka, seier ho.
I beste meining
Nils Markus fortel at han kjenner til episoden Kari Bakke fortel om.
– Det var faktisk på min eigedom det skjedde og det er hol etter det enno, seier han.
Som trøst til hyttenaboen legg han til at det han gjorde søndag kveld, var gjort i beste meining og at han ikkje kan anna enn å beklaga at han skremde henne.
Om episoden vil få noko etterspel, har ikkje politiet teke stilling til.
– Me vil sjølvsagt undersøkja saka, så får me ta det derifrå, seier politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
--------------------------
* Frå sommaren 2009 vart det slutt på ordninga som gav bønder lov å gjennomføra mindre sprengingsarbeid på eigen jord- og skogbrukseigedom.
EPISENTERET: Det var her i denne skråninga i steinbrotet austom Lyngfjelltunnelen på Lindås at den gamle dynamitten fór til himmels med eit drønn.
Oljesøl i Knarvik
LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag.
Avtale kan vera berga
GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.
Fortvilar over krav
LINDÅS: - Eg fattar ikkje kommunen sitt krav om riving. Er det ikkje lov å leggja tregolv på utsida av hytta si?
Topp pinsefest for femti
LINDÅS: På Ostereidet starta femti sprekingar 2. pinsedag med tofjellstur, pinsefest, drøs og fanfare.
- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine. Seinare på dag gjekk eit fleirtal i formannskapet inn for at kommunen må innhenta anbod på delar av desse tenestene, og å be rådmannen vurdera konkurranseutsetjiing også for Meland sjukeheim og heimetenestene.
Siste kortnytt
- Small i fjellveggen [23.05.13 13:52]
- Gull til Urhaug i Slovakia [23.05.13 13:58]
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]




