Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tok sin fjerde strake NM-siger

Del | |
STAVANGER: Manger Skulemusikklag tok sin fjerde strake NM-siger og tiande NM-tittel totalt laurdag. Knarvik skulekorps vart nummer to, og nærmar seg stadig nivået til radværingane.
Publisert 24.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Manger Skulemusikklag har vore dominerande i noregseliten for skulekorps dei siste åra, og har heva seg ytterlegare i år. Framføringa deira laurdag tok pusten frå publikum, og ein måtte nesten gni seg i augo for å vera sikker på at musikken på scena faktisk vart spelt av eit skulekorps.

Mest sannsynleg hadde dette korpset hevda seg godt eit stykke oppe i divisjonane dersom dei hadde stillt til NM for vaksne korps. Det gledelege i år er at også Knarvik Skulekorps har teke eit stort sprang framover, og nærmar seg stadig Manger i kvalitet. Det var slett ikkje lett for publikum å avgjera kven som ville ta NM-tittelen i år etter at dei to korpsa hadde spelt. Manger vann med 97 poeng, to poeng framfor Knarvik. Deretter var det fire poeng ned til Smørås skolemusikk på 3. plass. Skodvin Skulemusikk har og vore blant dei beste korpsa i landet lenge, og tok ein fin 4. plass med 89 poeng laurdag.

? Full klaff
? Me var veldig nøgde med spelinga. Det var full klaff, seier Manger sin dirigent, Rune Hannisdal.
Korpset spelte det krevjande stykket Prims, Symphonic Study No. 2 for Brass Band av Peter Graham.
Hannisdal fortel at korpset er nesten identisk med det som vann NM i fjor, og det var svært få som gjekk av for aldersgrensa i fjor. Dermed er dei fleste musikantane eitt år eldre, og korpset har heva seg. Til hausten er det litt fleire som går av for aldersgrensa, men Hannisdal uroar seg ikkje for det.
? Det kjem stadig nye flinke til, og det står klar folk til å ta over stemmene til dei som sluttar, seier han.

Øving er nøkkelen
Dersom publikum hadde bind for augo, er det ikkje mange som hadde tippa at dei som spelte var eit skulekorps. Hannisdal fortel at dommarane også påpeika dette.
? Dei skriv at korpset har ein veldig vaksen klang, fortel dirigenten.
Han synest og det er fint at Knarvik no kjem for fullt.
? Det er berre kjekt at det er korps som pustar oss i nakken. Det gjer at me må skjerpa oss heile tida. At dette er eit nabokorps er ekstra kjekt, seier han.
? Kva er årsaka til suksessen?
? Mange er flinke til å øva heime. Det finst ingen annan snarveg til å verta god å spela, seier Hannisdal.
Han er og imponert over måten musikantane hans yter sitt aller beste når det verkeleg gjeld.
Laget har spelt inn ein CD i vår, og til hausten vert det CD-slepp.
? Det gler eg meg veldig til, seier dirigenten.
Mottaking på Manger
Då korpset kom heim til Manger søndag kveld, vart dei møtt og hylla av foreldre, søsken og andre. Blant mottakskomiteen var kulturkonsulent Rune Rydland, som stillte for ordføraren som var vekkreist.
? Manger Skulemusikklag har teke sitt fjerde strake NM og vunne heile ti meisterskap til saman. Det er kommunen veldig kry av, sa Rydland, som lova at kommunen kom tilbake med ei skikkeleg gåve til noregsmeistrane.


Her er resultata
?    1. divisjon
1.    Manger Skulemusikklag, 97
2.    Knarvik skulekorps, 95
3.    Smørås Skolemusikk, 91
4.    Skodvin Skulemusikk, 90
5.    Krohnengen Skoles Musikkorps, 89
6.    Tasta Skolekorps, 87
7.    Damsgård/Kjøkkelvik Skoles Musikkorps, 84

?    2. divisjon
1.    Tertnes Skoles Musikkorps, 98
2.    Kløvheim Skulekorps, 93
3.    Brøttum Skolekorps, 92
4.    Brekke Skulemusikkorps, 90
5.    Sæbø Skulemusikklag, 89
6.    Sandnes Skulekorps, 88
7.    Felleskorpset Hanøy Haugland Tveit, 86
7.    Tananger Skolekorps, 86

?    3. divisjon:
1.    Kleppestø/Florvåg Skolekorps, 95
2.    Tysnes Skulekorps, 93
3.    Søreide og Sandsli Skolekorps, 92
4.    Frøyland Skolekorps, 91
4.    Dalsøyra og Nordbygda skulekorps, 91
6.    Træet Skolemusikkorps, 90
6.    Moster Skulekorps, 90
8.    Figgjo Skolekorps, 89
9.    Rossland Skulekorps, 88
10.    Hordabø Skulemusikklag, 87
11.    Sotra vest Skulekorps, 86
12.    Hellen Skoles Musikkorps, 85
13.    Ostereiet Skulemusikk, 84
14.    Ulveseth Skulkorps, 83
15.    Spydeberg Skolekorps, 81


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt