Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tømminga av Server i gang

Del | |
FEDJE: I dag startar førebuingane til arbeidet med tømming av akterskipet til «M/S Server», som framleis ligg i fjæresteinane på Fedje.
Publisert 26.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Målet er å få tømt skipet før påske, seier aksjonsleiar Tom Hansen i Kystverket.
Kor mykje tungolje det havarerte skipet inneheld, er det ingen som veit. Men reint teoretisk skal der vera olje att i tankane i maskinrommet, meiner Hansen.
Jobben med å finna ut dette pluss å tømma skipet er det Frank Mohn Flatøy, som skal gjera. Og dei er no i full gang med å få på plass utstyr til både søkjing, borring og fjerning av eventuell olje. I tillegg har dei sjølvsagt høg oljevernberedskap både på land og i sjøen for å hindra ytterlegare oljesøl.
? I dette fine veret kjem det til å gå heilt greitt, men me må jo alltid vera på den sikre sida, seier Erik Gloppen, som er prosjektleiar på land for Frank Mohn Flatøy.
Han fortel at dei har peila skipet etter alle kunstens reglar og veit akkurat kor dei skal leita etter olje. Med det uveret som var i tida etter forliset er det umogleg å seia om olja vart spylt på sjøen eller om der er noko att, seier han. Er der olje att, fjernar dei olja ved å bora små hol i tanken og suga olja ut, fortel han.
Arbeidet skal føregå frå arbeidsferja Flekkerøy, og i alt ti personar frå Frank Mohn skal delta i arbeidet.

Forhåpentlegvis friskmeldt
Kor vidt Fedje snart kan friskmeldast etter forliset, skal avgjerast like over påske. Då skal rådmann Vidar Bråthen ha med seg Kystverket og Interkommunalt Utval for Akuttforureining (IUA) på synfaring i alle kre og krokar på heile øya.
? Eg hadde meg ein tur i Fyrsundet søndag og der ser det takka vera ein kjempeinnsats veldig bra ut. Men eg har ikkje ikkje vore ute i øyane og i alle dei andre vikane på øya i det siste, seier han.

Vrakfjerning før hausten
Fjerning av sjølve akterskipet til «M/S Server» skal ifølgje Kystverket skje før hauststormane set inn. Kven som skal gjera den jobben, er ikkje bestemt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt