Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tørke kan gjera jonsokbål farlege

Del | |
Med så mange fine sommardagar som Nordhordland har hatt i det siste, kan eit jonsokbål fort spreia seg til gras og skog. Nils Medaas (til venstre) og Gjert Holtan i Lindås og Meland brannvern er klare til å rykkja ut dersom eit bål skulle koma ut av kontroll.
Publisert 22.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Oppmodinga frå brannsjef Gjert Holtan er difor at dei som skal tenna bål tek sine førehandsreglar for å hindra ein storbrann.
? Det er ikkje vårt ynskje å stoppa folk si jonsokfeiring. Men ein må vera klar over at det er like tørt her no, som det var under storbrannen på Sotra i fjor, seier Gjert Holtan.
På grunn av den langvarige tørken vurderer Holtan no å oppgradera beredskapen på stasjonen, slik at det vil vera folk på vakt i Knarvik jonsokkvelden i staden for den vanlege heimevakta.
? Me ser an veret og vermeldingane, og vurderer om me skal ha folk her, seier Holtan.
Torsdag kom det ei lita regnbyge over Nordhordland, men ikkje nok til at brannfaren er over.
? Ei byge eller to monnar ikkje på brannfaren, seier beredskapsleiar Nils Medaas.

? Bruk vatn
Dei som er ansvarlege for å tenna bål må tenkja på kor langt bålet er plassert frå vegetasjon som kan fatna. Mange stader i distriktet gror det i dag til, slik at bålplassar som var trygge for ti år sidan kan vera ueigna i dag.
Og så må ein ha ein vasslange tilgjengeleg ved bålet, i tilfellet det kjem ut av kontroll.
? Slangen må rekkja fram til bålet, og ti-femten meter til, seier Medaas.
? Det skal ikkje meir enn litt vind til, så kan ein bål koma ut av kontroll på få sekund.
Pulverapparat fungerer ikkje som sikring ved bålbrenning, ettersom apparatet er tømt på tjue sekund.
Ein god måte å gjera bålet tryggare på er å ikkje tenna i alt på ein gong, men laga seg eit mindre bål som ein «matar» utover kvelden.

Grilling
I perioden 15. april til 15. september er det ikkje lov å tenna bål i skog og mark utan etter eige løyve frå brannsjefen i den aktuelle kommunen. Jonsokbål kan gjerne vera plassert på skuleplassar eller liknande, medan det i skog og mark like gjerne er eingongsgrillar som utgjer den største brannfaren.
? Grillar som er sett att er brannfarlege, og grillar som vert kasta i konteinar kan også starta brannar der om dei ikkje er skikkeleg sløkkte, seier Holtan.
? Slike eingongsgrillar må dynkast i vatn. Bruk også vatn på grunnen under grillen, dersom den er sett på jorda, seier beredskapsleiar Nils Medaas.
? I myrjord kan det brenna nede i jorda i fleire dagar før det så blussar opp i full brann.

Sju reglar for trygg jonsokfeiring:

1. Ikkje lag for stort bål.
2. ha ein vasslange klar, som rekk også ti-femten meter rundt bålet.
3. Bruk ikkje tennvæske.
4. Tenn ikkje bål i nærleiken av utmark.
5. Vurder ver og vin, og tenn ikkje bål i sterk vind.
6. Bruk vatn og sløkk skikkeleg før du går heim om kvelden.
7. Ha ein låg terskel for å kontakta brannvernet på telefonnummer 110, dersom brannen kjem ut av kontroll.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt