Trafikkfelle der farten må ned
Endret 20.08.07 10:49
? Dette ser ikkje så bra ut, med 60-sone på begge sider. Leiar Per Heggernes i Norsk Automobilforbund avdeling Nordhordland er ikkje i tvil. Etter å ha sett seg litt om på Skintveit meiner han at dette må vera ei heilt klar trafikkfelle.
Randi Skintveit og sonen Jon Kristian viser gjerne fram ein dagleg trafikksituasjon som dei ikkje likar. Ei nokså smal vegstrekning har framleis fartsgrense på 80 km/t.
Like ved tunet der dei bur, er det ein sving som gjer strekninga uoversiktleg.
Men så langt har ikkje strekninga vorte oppfatta som ei trafikfelle av Statens Vegvesen.
No håpar Bjarte Skintveit og familien at press frå NAF kan føra til at kravet vert tatt meir på alvor enn tilfelle er så langt.
Over 100 underskrifter
NAF er grundig orientert om det fastbuande på Skintveit opplever som ei farleg strekning.
I eit ferskt brev vert det vist til at både sykkelsti og veglys er mangelvare.
Sidan det er under fire kilometer til skulen, er det også mange born som ferdast på vegen.
Frå Frekhaug og nordover er det stort sett to felts veg. Frå Fløksand og nordover endrar dette seg til smal og uoversiktleg veg. Det startar med 60 km/t fartsgrense, som går over i 80 km/t på 1,3 kilometer.
Deretter er det 60 og 50-grense att mot Rossland.
Heilt tilbake i 1991 vart det samla over 100 underskrifter for 60-sone. Kravet vart avvist av vegvesenet.
? Står på bremsene
«Me opplever stadig farlege situasjonar når me skal over eller inn på vegen. Her er ofte bråbremsingar når bilar møtest», skriv Bjarte Skintveit i eit ferskt brev til NAF. Han synest det er fortvilande å oppleva eit så firkanta system i vegvesenet at dei fastbuande ikkje kan få medhald. Det vert vist til vegen frå Hordvikneset mot Haukås, som har 60-sone.
Og der er det både to felt, avskjerma sykkelsti, veglys og oversiktleg, vert det vist til.
Må ofte stå på
? Du må ofte stå på får å nå fram mot Statens Vegvesen. Ofte er det slik at dei som bur i eit område, får problema nærare innpå seg enn dei som lagar vegane, sier NAF-leiar Heggernes.
Han håpar også at media-fokus kan medverka til at det skjer endringar.
? Ofte er det ikkje snakk om store kostnader for å retta opp ei trafikkfelle, seier Heggernes.
Tips til tre kommunar
Ved sida av Meland kommune, har også Lindås og Radøy fått ei liste med tips om det publikum oppfattar som trafikkfeller.
Tipsa kom inn på NAF-dagen tidlegare i år og gjennom brev i etterkant.
No håpar bilorganisasjonen at kommunane tek dei tipsa opp med vegstyresmaktene.
Blant tipsa er krysset ut på E39 frå Hjelmås, Hillesvåg og Leknes, samt at dei som kjem frå Hodnesdal, ikkje lenger har vikeplikt. Andre tips i Lindås er avkjøringa til Hilland-feltet, Isdalstø-krysset og rundkjøringa ved skulane på Ostereidet. Det er også bede om at gangfelt i Knarvik må merkast betre. Ved overgangen ved Shellstasjonen stoppar nesten ingen bilar, klagar ein mjuk trafikkant.
På Radøy er strekninga frå Austebygd skule til Lygresvingen sett på som ei trafikkfelle.
Vegen er smal og gjennomgangstrafikken ser ut til å auka, skriv den som har levert inn dette tipset.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





