Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Travelt for politiet

Del | |
Det har som vanleg vore ei travel nyttårshelg for politiet. Men det ser ikkje ut som om det har vore alvorlege hendingar i Nordhordland og Gulen, opplyser operasjonsleiar Sven Johannessen ved Hordaland politidistrikt.
Publisert 01.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Hordaland politidistrikt hadde 1. nyttårsdag midt på dagen ikkje fått meldingar om brannar eller skadar på grunn av fyrverkeribruk i Nordhordland og Gulen. Men det kom inn mange klagar frå publikum frå heile regionen på grunn av rakettoppskyting i helga.
? Det vert skote opp rakettar i hytt og ver. Men det gjeld heile fylket, seier Johannessen.

Rimeleg roleg
Samla sett kan det sjå ut som om at nyttårsfeiringa har gått rimeleg roleg for seg i Nordhordland, sett ut frå det som er meldt inn til Hordaland politidistrikt. Det er heller ikkje meldt om promillekjøring nyttårsaftan. Johannessen seier at politiet har hatt mange utrykkingar. Mellom anna på grunn av uforsiktig og ulovleg oppskyting av rakettar. Men når politiet kjem til staden, har gjerningsmennene stort sett fordufta.

150 oppdrag
Frå midnatt og fram til klokka 08.00 1. nyttårsdag hadde politiet knytt til Hordaland politidistrikt 150 oppdrag.
? Når det er så travelt får me ikkje tid til å ta tak i dette med rakettane, seier Johannessen.
I Bergen sentrum er det forbode med oppskyting av rakettar bortsett frå enkelte område. Men mange bryr seg ikkje om dette, og skyt opp rakettar der det passar dei, fortel han.
Foldnes skule i Fjell tok til å brenna, og rask innsats frå naboar hindra ein storbrann, melder BT.no. Ein rakett vart teken av vinden og førte til at det tok fyr i ein garasje i eit hus på Søre Bildøy, melder avisa.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt