Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tre nye med svart belte

Del | |
Nordhordland Karateklubb fekk i helga tre nye utøvarar som har gjort seg fortente til svart belte. Tonje Vollset er den første kvinna i klubben som har kome så langt. Dei to andre som fekk svart belte, var Jan Ove Bergesen og Geir Anders Kolås, begge frå Frekhaug.
Publisert 14.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Tolmod, kunnskap  og disiplin, gjev Tonje Vollset frå Knarvik som litt av oppskrifta på å koma så langt at ein har gjort seg fortent til graderinga svart belte første dan innanfor karateretninga Goju-kai.
Vollset fekk denne gradeinga då shihan Ingo de Jonge frå Sverige var i Knarvik i helga og  føretok graderinga av medlemene i klubben. Ho er den første kvinna som får så høg gradering i klubben i Knarvik, og den tredje på landsbasis.
To menn fekk same gradering: Jan Ove Bergesen og Geir Anders Kolås, begge frå Frekhaug.

Driv godt
Ingo de Jonge tykkjer Nordhordland Karateklubb driv godt, og han delte ut mange graderingar til utøvarar i klubben i helga, både vaksne og born.
Under graderinga skal ein visa både ulike kampmønster og den rette innstillinga.
Kartaeretninga Goju-kai omfattar både kampsport og ikkje-kontakt, der ein kjempar mot ein tenkt motstandar.
? I Goju-kai skal du ikkje berre tenkja på deg sjølv, men læra bort det du kan, til andre, seier de Jonge.
Det skjer i klubben i Knarvik, meiner han.

Trena lenge
For å verta god i Goju-kai trengst det lang tids trening, der ein først må læra seg dei grunnleggjande teknikkane. Tonje Vollset fortel at ho har drive med karate i over ti år, og dei to andre som fekk svart belte, har drive endå lenger.
Svart belte bryr at du har kome over opplæringsstadiet, men det er mange grader att til topps. Dei tre i Knarvik har oppnådd graderinga første dan, men graderinga går heilt til niande dan, fortel dei.
? Motorikk og disiplin er ein del av treninga, men me legg også vekt på respekten for medmenneska våre. Å driva Goju-kai skal ikkje berre avspegla seg på treninga, men i måten du lever på, seier Jan Ove Bergesen til Strilen.
Nordhordland Karateklubb har over hundre medlemer frå åtte år og opp i godt vaksen alder.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt