Tredje etasje til teneste!
Endret 20.08.07 10:49
? Me bør ordna eit meir synleg og felles skilt for alle, argumenterer Vidar Bernes i Knarvik Finans. Tanken får raskt full støtte rundt bordet.
Det hadde nok vore eit pluss for fleire av aktørane. For den som nærmar seg bygget der Rema 1000 tidlegare var leigetakar, får liten info om kva som skjuler seg bak vindauga i toppetasjen.
Tidlegare var kontorfløyen okkupert av Mongstad Engineering, seinare av det lokale ambulansepersonalet i Helse Vest.
Men tidene innan forretningslivet skiftar. Flokken som i dag tek ein pause i eine enden av korridoren, er ikkje så stor. Men dei representerer ikkje så heilt få firma.
Kort fartstid
Rekkja av skilt inneheld den kortfatta versjonen om kvart firma:
Knarvik Finans, rep. Storebrand, Consis - Lønn - Regnskap - Rådgiving, Kemax Økonomi - Regnskap og Rådgiving, biz24 - kommunikasjonsløsninger for næringslivet, SL Butikkdata, Nordhordland Handverk og Industrilag og Alfa Prosjektutvikling (representert av biz24).
Av naboane er dagleg leiar Svein Nordvik i industrilaget den som har minst behov for å profilera seg utad. Dei andre er raskt frampå for å informera om sine tenester og tilbod. Consis er på plass to gonger i veka, og ingen av dei passa med Strilen sitt besøk.
Felles for alle etableringar er kring eit år eller vel det i «fartstid» i same bygget.
Bedriftsretta
Ein kort runde rundt bordet resulterer i denne litt meir utfyllande presentasjonen:
? Eg tilbyr kassaterminalar inkludert software til mange butikkbransjar, blant anna klede, sko, optikk, hage, bensinstasjonar, seier danske Steen Lorenzen. Han har kundar over heile landet og kunne nær sagt vore etablert kor som helst. Firmaet etablerte han etter at eit selskap i Oslo vart lagt ned.
Når han bur på Manger, var Knarvik ein grei plass. Innsparinga av bru- og bompengar har dekka husleiga.
? I Kemax er me tre tilsette som tek oss av rekneskapen for opp mot 60 lokale bedrifter. Kvar kunde har ein fast medarbeidar som kontaktperson, reklamerer Jorunn Husebø Pedersen.
Som Kemax har også biz24 tre tilsette, med Henning Fyllingsnes som seniorkonsulent. Firmaet sel blant anna løysingar innan kommunikasjon og er representant for NetCom i regionen.
Ikkje felles lunsj
Vidar Bernes er den einaste i korridoren som rettar seg mot personkundar. Etter at Storebrand avvikla kontoret i Knarvik, valde han å satsa for seg sjølv. Men han er framleis lokal representant for Storebrand.
? Er nokon ute etter ein gebyrfri lønnskonto, er det berre å gje ein lyd, er Bernes frampå. Han sel også fondsprodukt for fleire selskap.
Henning Fyllingsnes i biz24 ser det som tilfeldig at så mange småfirma hamna i same korridoren. To rekneskapsfirma tyder også to konkurrentar.
Også SL Butikkdata og biz24 knivar om å levera enkelte produkt. Men alle forsikrar at det ikkje går ut over tonen.
? Har de felles lunsj?
? Me prøvde ei stund, men det nytta ikkje, seier Jorunn Husebø Pedersen.
Fleire i den travle gjengen må ofte ut på kundebesøk.
? Er alle på same plassen også om eit år?
? Det er me nokså sikkert, nikkar alle rundt bordet.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





