Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 
Treffsikre typar med eige studio

Treffsikre typar med eige studio

LINDÅS: Øyvind Sæbø og Arild Mongstad Pedersen i Vassbrekko Foto trivst best bak kamera.

Publisert 02.01.12 09:34
Endret 02.01.12 09:31

Strilen møtte dei to hobbyfotografane i sving i det nye studioet i Lindås Senter.

– Me fann dei på internett, seier Therese Halsvik, medan ho flyg rundt med ei høne på hovudet for å få lillebroren Michael til å le. Han er i ferd med å ta eit noko forseinka konfirmasjonsbilde.

Resten av gjengen, fem Halsvik-damer frå Gulen, er akkurat ferdige med generasjonsfotografering.

– Du skal få sjå dei etterpå, kjempetøft med dei raude stolane dei har her, seier Therese og kaklar vidare så både fotografen og konfirmanten ler så dei ristar.

 
Mann for sin dress
– No trur eg du og dei andre rett og slett må gå ut, slik at eg får ei lita alvorsstund med konfirmanten, seier Øyvind når smilebilda er i boks.

Med Arild som lysassistent, vert Michael instruert og fotografert frå alle kantar, og nye, litt meir alvorlege bilde tyt fram på dataskjermen.

– Då tenkjer eg me har det, seier Øyvind, medan Michael tek på seg dressjakken.

– Sliten?

– Nei, eg synest det var kjempekjekt, smiler Michael, som endeleg skal få sendt ut takkekorta etter konfirmasjonen i mai.

– Betre seint enn aldri, legg han til.

 
100 Halsvik-bilde
Tippoldemor Gudrun (83), oldemor Marion, bestemor Gro Anita, mamma Therese og vesle Sofie på åtte månader er også veldig nøgde med jobben til Øyvind.

– Me ville ha noko utradisjonelt, utan å måtta reisa så langt, og det har me fått, ler dei medan dei ser gjennom bilda Øyvind viser på skjermen.

Rundt 100 bilde vart det, og slik må det bli når så mange skal vera heldige på same bildet, forklarer fotografen.

For Øyvind er det første gong han fotograferer fem generasjonar. Men er det noko han likar, så er det utfordringar.

– Me er opne for det meste, og jobbar for tida med å knyta til oss modellar (over 18 år) slik at me får vist litt mangfald, seier dei.

 
Møttest i ungdomslaget
Øyvind og Arild møttest i ungdomslaget på Lindås for nokre år sidan.

Der driv dei to hobbyfotografane ei foto/videogruppe saman med Helge Kolås og Espen Hodnekvam.

Jobben har så langt mest vore å foreviga revyar og skodespel, og laga film- og fotokulissar.

Den siste store kulissejobben, var til framsyninga «Det raude sjalet» om Aslaug Laastad Lygre sitt liv og dikting i desember 2010.

Neste prosjekt er «Bør Børson» som ungdomslaget skal setja opp til 17. mai.

Framover ser dei i tillegg føre seg eigne prosjekt som dokumentarfilm og reklame.

 
Har alltid fotografert
Men studiofotografering, som Arild og Øyvind likar best av alt, er ikkje så lett å setja ut i livet i ungdomslagsregi.

Difor er dette noko dei har drive med i tillegg.

Øyvind vart hekta på studiofotografering etter eit kurs i Nordhordland fotoklubb, og har drive med det i 2-3 år no.

Arild har nesten like lang fartstid.

– Me har vel eigentleg alltid drive med fotografering begge to, seier dei.

 
På nettet
Før dei no fekk seg lokale i Lindås Senter, har dei leigd grendahuset på Myking for kvart oppdrag.

Men no var dei leie av å pakka opp og ned alt utstyret for kvar gong.

Og i vår gav dei hobbyen sin namnet Vassbrekko Foto.

– Det var Øyvind sin idé fordi garden han bur på heiter Vassbrekko.

Så lenge han ikkje kalla det Øyvind Foto, var det greitt for meg, ler Arild.

– Heimeside og Facebook-profil har me òg, så me er ikkje vanskelege å finna., legg dei til.

 
Berre ein hobby
Øyvind (31) er oppvaksen på Myksvoll, men bur no på Myking saman med sambuar og ei dotter på seks år.

Til sommaren skal dei gifta seg, og då skal Arild foreviga det heile på film.

Arild (42) bur på Lindås, er pappa til ein gut på åtte år og jobbar offshore i Statoil som tilstandskontrollingeniør.

Øyvind jobbar på Montér i Knarvik.

– Me gjer det slik at den som har fri, tek jobben.

Det må bli slik sidan me er i full jobb begge to, seier dei.

 
Ikkje heilt tradisjonelle
Tidsklemma gjer også at dei to ikkje driv eit heilt tradisjonelt studio.

– Me har valt å ikkje framkalla bilda og laga album slik mange andre gjer, men bruka tida på fotografering og redigering av dei bilda me plukkar ut i fellesskap.

Etterpå får kundane bilda på ein cd, til odel og eige, forklarer dei.

At dei dermed gjev frå seg opphavsretten og let kundane gjera kva dei vil med bilda, er dei ikkje opptekne av.

– Få me lov å driva med det me likar best, og samtidig tener nok til husleiga, er me nøgde, smiler dei to fotokompisane.

 

FEM GENERASJONAR HALSVIK-DAMER: Framme frå venstre: tippoldemor Gudrun (83) og oldemor Marion. Bak frå venstre: Therese med dottera Sofie (8 mndr) og Therese si mor, Gro Anita.  Alle har valt å behalda etternamnet Halsvik. (Foto: Øyvind Sæbø, utsnitt) FEM GENERASJONAR HALSVIK-DAMER: Framme frå venstre: tippoldemor Gudrun (83) og oldemor Marion. Bak frå venstre: Therese med dottera Sofie (8 mndr) og Therese si mor, Gro Anita. Alle har valt å behalda etternamnet Halsvik. (Foto: Øyvind Sæbø, utsnitt)

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler