Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 
Treng meir pengar

Treng meir pengar

Del | |

KNARVIK: Den næraste månaden er skjebnetid for kyrkjeprosjektet i Knarvik. Anten må meir pengar inn, eller prosjektet nedskalerast ytterlegare, for å få finansieringa på plass. Her Helge Tangen (til venstre) og Ivar Eidsheim frå plan- og prosjektgruppa, og leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd Elin Martinsen.

Publisert 12.01.12 13:30
Endret 12.01.12 13:32

Plan- og prosjektgruppa for Knarvik-kyrkja har fått støtte frå Lindås kyrkjelege fellesråd til ei utbygging der både hovudetasjen og kjellaren vert gjort ferdig i første byggetrinn.
Men då trengst det meir pengar, millionar som sannsynlegvis må koma frå kommunen i ei eller anna form. 

Då det onsdag kveld var informasjonsmøte i Knarvik om prosjektet, lanserte varaordførar May-Eva Sandvik kulturskulen som ei muleg redningsbøye for kyrkjebygginga. Sandvik peika på at kulturskulen i dag leigar lokale i Knarvik, og at ein ved å flytta dei inn som leigetakar i kyrkjekjellaren kan hjelpa finansieringa av bygget.

Før jul fekk plan- og prosjektgruppa melding om at kyrkja ville komma på 90 millionar. Etter dette har det vore jobba med å kutta kostnader ved å redusera ulike bygningstekniske kvalitetar, men framleis står ein millionsum att utan finansiering.

Kyrkjeprosjektet skal opp i formannskapet torsdag 26. januar, og så i kommunestyret 9. februar.
Etter møtet i kommunestyret er det berre nokre dagar att før svarfristen går ut på dei innkomne anboda.

Les heile saka i Strilen laurdag. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt