Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Treng redningsbil på E39

Del | |
Den store trafikken på E 39 gjennom Masfjorden og Gulen skapar trong for ein rask redningdbil. Det meiner ordførarane og brannsjefane i Gulen og Masfjorden.
Publisert 28.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

E 39 gjennom Masfjorden og Gulen har stadig aukande trafikk. Dette er og ei strekning med mange og lange tunnelar. Faren for alvorlege ulukker inne i tunnelane er stor, meiner kommuneleiinga i Masfjorden og Gulen.

? Me kan til dømes få situasjonar der folk sit fastklemde i bilar, og der ein rask redningsaksjon kan vera forskjellen mellom liv og død, seier rådmann Lovisa Midtbø i Masfjorden til Strilen.

 

Redningsbil

Difor ønskjer dei to kommunane i fellesskap å gå til innkjøp av ein liten, men rask, redningsbil med naudsynt utstyr som kan rykkja ut på kort varsel når ulukka er ute. Men dette kostar pengar, ganske mykje pengar. Difor har dei to kommunane no sendt ein søknad til Statens vegvesen region Vest der dei ber om eit tilskot på ein million kroner.

 

Frivillige

? Situasjonen hjå oss er annleis enn til dømes i Lindås der dei har eit profesjonelt brannkorps med folk på vakt heile tida, påpeikar Midtbø.

I dei to kommunane er det berre frivillige mannskap som må tilkallast når ulukke er ute.

? Me tenkjer oss at redningsbilen skal kunna vera raskt på plassen, og at folka i den kan starta redningsarbeid før andre hjelpemannskap frå brannvesen og ambulanse kjem til, seier rådmannen.

 

Analyse

Det er arbeidet med ein risiko- og sårbarheitsanalyse i samband med revisjon av brannordninga som har konkludert med at det trengst ein eigen redningsbil i dei to kommunane.

? Og han kan sjølvsagt rykkja ut ved ulukker i nabokommuane, som Høyanger, Modalen og Lindås og, seier Midtbø.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt