Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Trimklubb for hjarteopererte

Del | |
LINDÅS: ? Det er ikkje noko nyttårsforsett me skal oppfylla. Det viktigaste er å halda seg i live, smiler Ivar Nordland og Tore Svendsen.
Publisert 09.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Regnet piskar i andletet, det er ein mørk og kald tirsdagskveld. Aller helst kunne ein vel ynskt seg innomhus, med fyr i peisen. Men avtalen er å møta to turgåarar klokka seks ved bensinstasjonen i Eikangervåg. Dei kjem begge to, presise og i godt humør.
? Skal du vera med oss på tur? Det kan verta eit grisete intervju, ja eg meiner sidan det regnar så voldsomt, ler Ivar Nordland.

Inviterer gjerne med damer

Ivar og Tore bestemte seg før jul for å byrja å gå tur ilag. Båe to har vore hjarteoperert, og det er vorte ekstra viktig for dei to å vera i fysisk aktivitet.
? Ein kan vel seia at det er hjelp til sjølvhjelp. Det er mykje betre å gå ilag, enn åleine. Me er jo sosiale individ. Når me går ilag får me både trim og tid til å prata om laust og fast. Me plar gå turar frå fire til omlag seks kilometer, då får me tid til å ta opp både det eine og det andre, smilar Svendsen. Dei to turkameratane oppfordrar fleire til å vera med, og koma seg ut av godstolen eit par timar for veka.
? Me har ikkje danna noko turklubb eller liknande, me tek det heilt uformelt. Det viktigaste er at me får trimma, samstundes som me har det kjekt ilag. Alle er hjarteleg velkomne til å vera med å gå med oss. Me har fast oppmøte her ved bensinstasjonen kvar tirdag og torsdag klokka 18.00,  seier Svendsen.
? Det hadde jo sjølvsagt vore kjekt med damer på tur også, legg han til.
? Då spørs det om me får lov heimefrå til å gå på tur, ler Nordland.

Har teieplikt
Både Ivar og Tore har vore aktive i politikken tidlegare, i ulike parti.
? Vert det diskutert politikk på turane?
? Ja, me løyser alle verdsproblem. I det siste har me diskutert omstillingsprosessen som foregår i Lindås kommune. Så har me funne ut at det skulle vore gangveg her ved europavegen. Når trailarane køyrer forbi oss, vert me nesten dradd med i suget. Ein kan seia at me går for livet, men med livet som innsats, spøkjer dei to.
? Men det er faktisk ikkje tull, det med gangveg skal eg ta opp når eg kjem tilbake for fullt i politikken, seier Svendsen.
? Elles har me teieplikt. Eigentleg treng me ikkje sei noko som helst, for me kjenner kvarandre så godt på kroppsspråket etterkvart, spøkjer Ivar.
? Me skal jo helst gå så fort at me ikkje klarar å snakka, men det går jo ikkje. Det er verre å høyra alt som vert sagt når me går med hue tredd nedover øyra, hintar Nordland til Svendsen.
? Eg har tatt på meg høyreapparatet i dag, slik at eg får med meg alt. Førre gong me var ute og gjekk spurde Ivar om me skulle ha ein liten pause, det fekk ikkje eg med meg, og berre gjekk vidare, humrar Svendsen.  

Glad for å gå 30 meter
Ein sommardag i 2005 sat Tore Svendsen på altanen, då han merka at noko var gale. Turen gjekk til legevakten og vidare på sjukehus. 13 dagar etter at han oppdaga noko var gale, kom han heim igjen, men med eit stort arr over brystkassa.
? Nokre seier eg har vore heldig, men hjarteinfarktet har ikkje endra meg som person. Men eg vert påminna om det som hende kvar morgon og kveld når eg ser arret over brystkassa. Hjartemedisinen eg må gå på resten av livet, fortel jo at noko ikkje er som det skal, seier Svendsen. Han låg på sjukehus i fem dagar, og fekk flytta blodårar frå foten opp til hjarta.
? Dei opna brystkassa og tok ut alt, og bytta ut blodårene. Lungane vart også kobla ut, og dei var difor heilt stive når alt var på plass att. Etter ein månad med rehabilitering føler ein seg sprekare. Då eg klarte å gå til postkassen, som er omlag 30 meter, var verda mi! Eg  var motivert for å trena meg opp igjen, og var glad kvar gong eg klarte å gå ti meter lengre. Etter kvart som tida går forsvinn litt av entusiasmen, og då er det godt å ha nokon å trimma ilag med. Det er lettare å koma seg ut når ein veit at det er nokon som ventar, forklarar Tore.

Kan henda alle
Ivar fekk infarkt før jul  i fjor, og han måtte inn å blokka ut og armera. Han låg vaken under operasjonen og fekk med seg alt som hende på fire tv-skjermar.
? Eg er imponert over det medisinske apparatet, og kva dei kan gjera. Eg hadde trudd det ville vore meir smerte ved inngrepet, men det var ferdig før eg eigentleg merka noko. Eg var vaken heile tida, og kunne følgja med på det som hende frå kamera dei førte inn via lysken, forklarar Nordland.
? Mange tenkjer at noko slikt aldri vil henda ein sjølv. Men det kan henda alle. Eg låg på rom med ein som har vore aktiv idrettsmann i alle år. Han var svært bitter, og hadde ikkje trudd at han kunne få hjarteinfarkt, seier Svendsen.
? Eg har også vore aktiv i ulike ballidrettar tidlegare, men det nyttar ikkje å trena når ein er 30 og tru at det hjelper når ein er vorte 50 år. Det beste er å trimma når ein er frisk, og ikkje fordi ein er nødt. Det nyttar å høyra på anbefalingane, me har følt på kroppen at det verkar, samtykkjer turkameratane. No oppfordrar Ivar og Tore fleire til å vera med å gå tur.
? Ofte er det lett for å la vera å gå ut. Det kan vera freistande å setja seg ned i godstolen og sjå på tv i staden for. Dersom ein offrar tv-tittinga nokre timar i veka, kan ein faktisk redda liv, seier dei to og byrjer å trippa uroleg. No må dei gå. Fire kilometer med trim for hjarte og sjel ventar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt