Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Trond Mohn betalar kunstgrasbana

Del | |
LINDÅS: Det vert kunstgrasbane i Knarvik likevel. Trond Mohn betalar både for kunstgras på grusbana og for etablering av ei lita kunstgrasbane i tillegg. 
Publisert 10.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Prosjektet vil samla sett truleg koma på vel 7 millionar kroner. NBK håpar banene kan stå klare til haustsesongen.
Tore Kvalvik og dei andre i NBK kunne jubla etter eit møte dei hadde med Trond Mohn om prosjektet for 14 dagar sidan. Dette skjedde dagen etter det nedslåande formannskapsmøtet i Lindås, der det vart klart at kommunen ikkje kunne gå inn for kunstgrasdekke på grusbana i Knarvik. Dette trass i at NBK meinte dei skulle klara å forskottera heile prosjektet sjølve.
Då NBK presenterte prosjektet for Trond Mohn, peika han også på arealet aust for grusbana, og sa han kunne betala for ei kunstgrasbane for sjuarfotball i tillegg, fortel Tore Kvalvik. Dermed vart resultatet av møtet endå betre enn dei kunne drøyma om. NBK har sjølv hatt planar om å utvida grusbana mot aust, men trudde nok ikkje at dette skulle skje no.
? Me har hatt møte med Lindås kommune og ordføraren, og dei er svært positive, fortel Kvalvik.
No må prosjektet gjennom ei enkel behandling i kommunen, det må hentast inn nye prisar på heile prosjektet og dei må få på plass ein entreprenør som skal gjera jobben. Det skal og gjerast mykje dugnadsarbeid. Men Knarvik og NBK kjem altså til å få ei kraftig forbetring av baneforholda sine. Klubben er no den 8. største i Hordaland, og har rundt 50 lag. Medlemsmassen er også aukande. Både A-laget og dei aldersbestemte laga har hatt vanskelege baneforhold dei siste åra. På grunn av dårleg ver har også Knarvik stadion vore stengt i deler av fjorårssesongen. Det har først til at NBK har måtta leiga bane på Fossemyra og på Osteriedet. No vil altså dei få alle heimekampane sine i Knarvik, og ikkje minst ? treningstilhøva vert kraftig forbetra.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt