Truga av surt vatn
Endret 20.08.07 10:49
? Så surt som vatnet er enkelte stader i Nordhordland, er det heilt på grensa til det paddene kan tola, seier ferskvassbiolog Leif Åge Strand.
I løpet av våren og sommaren har han kartlagt førekomstane av frosk og padder i alle kommunane i Nordhordland, i tillegg til Sund, Fjell, Øygarden, Askøy, Osterrøy og Vaksdal.
? Vil du seia det er grunn til å ropa eit varsku?
? Ja. absolutt. Her bør styresmaktene følgja med, seier Strand.
Masfjorden
Den kommunen som er mest utsett, er Masfjorden. Strand seier det er sjeldan han har funne så surt vatn som der, og det nesten over heile linja.
Aller suraste vatn der det vart funne padde, var i ein dam aust for Byrkjevågen. Der var pH-en berre 4,8, og 4,7 har vorte rekna som ei grense. Men i løpet av undersøkingane på Vestlandet fann Strand faktisk eit vatn på Askøy som hadde surheitsgrad 4,57 der det vart funne padde. Det er noregsrekord.
Bestanden av frosk og padder har gått tilbake stort sett over heile verda, utan at forskarane kjenner grunnen. I dag er desse amfibia nesten utryddingstruga enkelte stader. Difor er det viktig å ta vare på bestandane, meiner Strand.
? Det kan vera ein indikator på miljøtilstanden.
I tillegg et både frosk og padder skadeinsekt, og giftstoff frå huda på paddene kan nyttast i medisin.
Skulane
Strand kan tenkja seg å trekkja skulane inn i arbeidet med å ta vare på paddene.
? Viss der er ein dam eller vatn i nærleiken av ein skule, kan det vera ei fin oppgåve for elevane å overvaka utviklinga når det gjeld pH i vatnet og andre tilhøve som verkar inn på paddebestanden, seier han.
Strand har laga rapportar for kvar av kommunane, og der har han kome med framlegg om aktuelle vatn som skulane kan passa på.
Dette kan også gjera at dei seinare er meir opptekne av korleis amfibia har det, meiner han.
Den svært sjeldne store salamanderen er så truga at eit større område på grensa mellom Kvam og Fusa vart for nokre år sidan freda nettopp på grunn av den.
- I Meland er det tidlegare registrert stor salamander to stader, men eg fann ikkje spor av han på nokon av stadene, seier Strand.
Det eine lokaliteten er Holmevatnet, og det er no så drenert at der nesten ikkje er noko att av det. Den andre lokaliteten var ei skogstjørn nordaust for Eikelandsvatnet.
Padde er vanleg på kysten, medan frosk er utbreidd i høgare strok og i innlandet. Undersøkingane i Nordhordland stadfestar dette inntrykket,
Padda truga
På Fedje og i Radøy er det berre funne padde. I Austrheim er det berre ein førekomst av frosk. I Lindås vart det funne frosk to stader, og i Syslaktjørna vart det funne både frosk og padde. Det same gjeld ein myrdam på Leirvik i Meland.
I Meland vart det funne frosk tre stader. Også i Masfjorden vart det funne både frosk og padde, fem førekomster med padde og to med frosk.
? Det er padda som er mest i fare på grunn av surt vatn. Frosken toler eit surare vatn, forklarar Strand.
Han håpar at rapportane han har laga, kan medverka til at det vert meir fokus på levevilkåra for amfibia i distriktet.
Viss ikkje kan dei smått om senn forsvinna.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





