Truga politi med balltre
Endret 20.08.07 10:49
I samband med denne ransakinga ringte mannen til ein annan mann, og truga med å banka han opp. Men politiet høyrde kva han sa, og mannen vart difor dømt for trugsmåla. Under den same ransakinga fann politiet meir enn 100 gram hasj og nesten tretti Rohypnol-tablettar. Også ved eit anna høve fann politiet hasj hjå mannen, og han er også dømt for å ha brukt hasj fleire gonger.
Nokre veker før ransakinga slo han ein annan mann to gonger i ansiktet, og sparka han i skrittet.
I samband med dette knuste han ei rute i ein bustad, ved å kasta ein steinpyntegjenstand på 20-30 kilo gjennom vindauget.
I februar i fjor haldt mannen på å køyra på to fotgjengarar på Erstad i Meland. Like etter køyrde han av vegen og smadra eit busskur. Han og ein kamerat som var passasjer, stakk frå staden. Politiet fann mannen fleire timar seinare, og blodprøven då viste 1,2 i promille. I fjor haust køyrde han igjen i fylla, og då på tre hjul. Med 1,5 i promille køyrde han bil på motorvegen i Åsane sjølv om høgre framhjul mangla. Mindre enn ei veke etterpå krasja han igjen i fylla. Ved Herlandstunnelen i Lindås kom han over i feil køyrebane og krasja med ein annan bil. Han var då rusa på fleire ulike stoff.
Mannen er dessutan dømt for å ha køyrd bil ved sju ulike høve utan å ha førarkort. Han har og vore ute og køyrd båt i rusa tilstand. I fjor sommar køyrde han ein rask skjergardsjeep ved Håøy i Meland. Ein politibåt på patrulje tykte mannen køyrde med unaturleg krappe svingar og fart, og stogga båten.
Mannen hevda å vera uskuldig i dei fleste tiltalepunkta. Men dette trudde ikkje Nordhordland Tingrett på. Det einaste han ikkje vart dømt for, var å oppbevara 9 mm-ammunisjon utan løyve. Mannen hevda at han hadde tatt ammunisjonen frå ein kamerat, av di han frykta at kameraten kom til å bruka den. Retten meinte difor at oppbevaringa av ammunisjonen då var naudrett.
Mannen vart i vår dømt til ti månaders fengsel for dei ulike brotsverka. Han må og søkja særskilt om det dersom han nokon gong skal få førarkortet att.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





