Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Trugar med høgare bøter

Del | |
FEDJE: På Fedje har eit bustadhus stått halvferdig i mange år. Sidan 2004 har byggherren fått dagbøter, men no trugar kommunen med kraftig auke for å få huset ferdig.
Publisert 07.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
På ein godt synleg stad i Fedje sentrum ligg eit halvferdig hus med stillas og presenningar på taket. Slik har det i alle fall stått sidan 2000, då Kaland Trelast AS i Austrheim avslutta bygginga. Kommunen har lenge sett seg leie på at huset står der halvferdig, og i 2003 sende dei første varsel om dagbøter. Dette vedtaket vart klaga inn til Fylkesmannen, men klagen vart avslegen.

200 kroner dagen
Frå august 2004 har Kaland Trelast som ansvarshavande for bygget betalt bøter. I starten var bøtene på 100 kroner dagen, frå 1. januar 2006 200 kroner. Hittil er det dermed kravd inn over 90.000 kroner.

Får pengane
? Dagbøtene vert betalte. Det er ikkje det som er problemet. Me vil ha huset ferdig. Det er skjemmande slik det står, midt i bygda, seier teknisk sjef Øyvind Tolleshaug til Strilen. Difor har ein no sendt ut melding om at viss ikkje noko skjer, vil bøtene verta auka til 500 kroner dagen frå nyttår.
Kaland Trelast har frist til 20. august med å svara.
? Kravet går til Kaland Trelast, som ansvarshavande for bygget, men slik eg forstår, er det byggherren som betalar bøtene, seier Tolleshaug.

Lang prosess
Eigaren av tomta overtok henne i 1987. Rundt 1990 kom der opp grunnmur, men så skjedde lite i fleire år, før råbygget kom opp i 2000.
? I mellomtida har eigaren kjøpt seg eit anna hus, så han har kanskje ikkje så stort behov for huset lenger, seier Tolleshaug.
Men uansett ønskjer ikkje kommunen at huset skal stå slik det gjer no.
Strilen har også vore i kontakt med eigaren, som ikkje ønskjer å kommentera saka ut over at han trur ho skal få si løysing om ikkje så lenge.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt