Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Truleg fleirtal i kommunestyret for skule-tilrådinga

Del | |
LINDÅS: Ein runde til partia tyder på at det vert fleirtal i kommunestyret i dag for flytting av elevar frå Alversund til Knarvik og at Leiknes-elevane går til Ostereidet ungdomsskule frå 2007. Mange elevar og foreldra vil demonstrera i forkant av kommunestyret sitt møte kl. 14.00 i dag.
Publisert 18.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Per kl. 09.30 torsdag ser situasjonen slik ut etter ein runde til partigruppene:
Ap vil i hovudtrekk stå på formannskapet si tilråding. Partiet står fast på å bruka pengar på å utvida Knarvik ungdomsskule og Leiknes barneskule. Men for ein mindre sum som vert til overs av ramma på 69 millionar, kan partiet koma til å føreslå at den går til oppstart med å utvida Knarvik barneskule framfor at midlane går til Ostereidet ungdomsskule.
I Høgre ser det ut til å verta 3-1 for ny skule i Alversund.
? Det ser ut til at Torunn Gamst står på tilrådinga i formannskapet. Resten av gruppa på 3 støttar truleg å bevara ein ungdomsskule i Alversund. Eg jobbar med eit framlegg om at rådmannen vert beden om å utgreia ei sak om det skal byggjast ny barne- eller ungdomsskule i Alversund. Det heng litt saman med tilgjengeleg tomt kva ein bør satsa på. Men Høgre-fleirtalet vil ha oppdeling i 1-7 og 8-10 skule i Alversund, seier Audun Stusdal.
Etter signal frå formannskapsmedlem Svein Børtveit, tyder alt på at KrF står på formannskapet si tilråding om flytting av ungdomsskuleelevar frå Alversund til Knarvik. Men gruppa er delt i synet på om Leiknes-elevane skal til Knarvik eller Ostereidet ungdomsskule.
? Eg går ut frå at Sp-gruppa på fem vil stå samla bak fleirtals-tilrådinga frå formannskapet, seier gruppeleiar Atle Austrheim. Men han seier at «det kan skje ting i møtet». Austrheim tenkjer då på at det kan vera delte meiningar om ein post på 12-15 milionar kroner skal brukast til opprusting på Ostereidet ungdomsskule eller til utviding av Knarvik barneskule.
I følgje Øystein Moldeklev i Frp, vil hans gruppe på sju først støtta eit eige framlegg frå Bjarte Vatnøy, men så falla ned på fleirtalet i formannskapet.
Dei to frå SV støttar i hovudtrekk fleirtalet i Høgre. ? Utgangspunktet er at Alversund må få ny ungdomsskule. Elevane derfrå kan overførast mellombels til ei brakkeløysing i Knarvik, og den bør helst på plass alt frå komande haust, seier Tore Svendsen.
Stiller Åshild Halland for Venstre, vil ho etter alt å døma stå på fleirtalet si tilråding frå formannskapet.
Møtet i kommunestyret er på Knarvik sjukeheim og startar kl. 14.00 torsdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt