Truleg lågare bussprisar
Endret 20.08.07 10:49
Både Kristeleg Folkeparti og Naturvernforbundet har gått inn for 40 prosent reduksjon i prisen på månadskort mellom Knarvik og Bergen når bompengane forsvinn på Nordhordlandsbrua like over nyttår. Samferdselsutvalet i fylket skulle ha saka oppe for ei veke sidan, men utsette saka til 7. desember.
? Det var eg som føreslo utsetjing fordi eg tykte fylkesrådmannen sitt framlegg var for lite offensivt, seier Lunde.
Han hadde føreslått å bruka 1,2 millionar kroner til dette, medan ein reduksjon på 40 prosent vil kosta om lag fire millionar kroner i året.
Prøveprosjekt
? Eg ønskjer at me set i gang eit prøveprosjekt med reduserte prisar på sambandet Bergen - Knarvik/Frekhaug for å sjå korleis det slår ut, seier Lunde.
Så kan ein bruka erfaringane derifrå når Askøybrua vert bomfri i slutten av 2006.
Fylkesutvalet gjekk denne veka inn for å bruka to millionar kroner til tiltak for å få fleire til å reisa kollektivt.
? Eg ser for meg at me brukar både desse to millionane og dei 1,2 millionane som fylkesrådmannen gjekk inn for, og gjerne litt til, så har me summen som trengst for å få ein reduksjon på 40 prosent, seier Lunde.
Ho fortel at ho har teke saka opp med samarbedispartnarane
Høgre og Framstegspartiet og har god von om å få gjennomslag for ein reduksjon
opp mot 40 prosent.
Stadig tettare
Det er dei som brukar månadskort som skal få reduksjonen, meiner Lunde. I dag kostar eit månadskort 1050 kroner, så 40 prosent vil utgjera om lag 400 kroner i månaden.
? Eg køyrer mellom Radøy og Bergen kvar dag og ser korleis trafikken på E 39 gjennom Åsane vert tettare og tettare, seier Lunde.
Ho meiner absolutt det er fornuftig å bruka pengar på å få fleire til å reisa kollektivt på denne strekninga, og ikkje minst hindra at fleire går over til privatbil når bompengane forsvinn.
Billegare ungdomsskort
Andreas Waage (16) frå Lindås tek buss frå Lindås til Bergen
der han går på skule. Sidan han er ung, slepp han unna med ungdomskort til 350
kroner i månaden. Men han synest også det er dyrt for han. Turen til Bergen tek
om lag ein time og 20 minutt kvar veg. Waage har tru på att fleire tek bussen
dersom prisane vert reduserte.
? Men det må vera ein såpass skikkeleg reduksjon at det verkeleg lønar seg, seier han.
Waage tru og at han kjem til å ta bussen sjølv når han om eit par år kan ta førarkort på bil, dersom prisane på månadskort vert lågare og bensinprisane såpass høge som i dag.
I det forslaget til fylkesrådmannen, er det og forslag om å redusera prisen på ungdomskort med ti prosent frå 1. august.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





