Truleg slutt for Miljøkortet
Endret 20.08.07 10:49
Frå nyttår er truleg spesialordninga borte. I fylkesrådmannen sitt budsjett vert ordninga fjerna. I staden vert prisen på alle periodekort i fylket sett ned med ti prosent utanom Bergen. Og Nordhordlandsbrua skal ikkje lenger utgjera eiga takstsone.
Prishopp
For reisande mellom Bergen og Knarvik/Frekhaug vil endringane føra til eit prishopp på 225 kroner i månaden i høve til miljøkortet. Prisen vert 855 kroner. Prisen før miljøkortet vart innførd, var 1050 kroner pr. månad.
At sona på brua vert fjerna, fører til at prisen på enkeltbillett Bergen - Knarvik vert sett ned frå 55 til 46 kroner.
Når det gjeld billettar på båt og buss generelt, legg budsjettet opp til takstfrys også i 2007.
Styrking
? Budsjettet inneber ei styrking på kollektivtrafikken, i og med at satsane på periodekort vert sett ned, seier Grethe Lunde frå Radøy, som sit i fylkestinget for Kristeleg Folkeparti.
Ho var ein av dei fremste forkjemparane for innføringa av miljøkortet i Nordhordland, men trur ikkje det vert aktuelt å kjempa vidare for det.
? Det som no ligg i budsjettet, er meir rettferdig for alle, seier ho.
Pengar til
ny skule
LINDÅS: Pengar til nybygg på Knarvik vidaregåande skule er den store posten i Nordhordland i fylkesbudsjettet for neste år. I 2007 ligg bygget inne med 34 millionar kroner. Totalt skal bygget kosta 92 millionar og stå ferdig i 2009.
Kraftig auke i
kraftinntekter
Fylkeskommunen disponerer ein del av konsesjonskraftinntektene i fylket. Dei seinare åra har desse inntektene utgjort om lag 50 millionar kroner, men på grunn av høgare kraftpris budsjetterer fylkesrådmannen med 100 millionar kroner i 2007. Mykje av desse inntektene stammar frå kraftanlegg i Nordhordland. Politikarar i Masfjorden meiner mellom anna at dei kan gå til å finansiera bru over Masfjorden.
Lyngheisenteret
inn i sekkepost
LINDÅS: Lyngheisenteret på Lygra får i år eit driftstilskot frå Hordaland fylkeskommune på 1,7 millionar kroner. No er senteret trekt inn som ein del av Museumssenteret i Salhus. Dermed er det ikkje oppført med ein eigen post i fylkesrådmannen sitt budsjett for 2007. Men løyvinga til museumssenteret er auka frå 1,8 til 5,4 millionar kroner i 2007. Driftstilskotet til Lyngheisenteret ligg inne i denne summen.
Mindre til
folkehøgskule
RADØY: Manger folkehøgskule må greia seg med mindre overføringar frå fylkeskommunen i 2007. I fylkesrådmannen sitt budsjett er driftstilskotet sett til 200.000 kroner. I inneverande år er tilskotet 650.000 kroner. Innverknad på neste års budsjett har det at ei vaktmeisterstilling er overført til ein annan post.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





