Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Trur ikkje ny bom hindrar tilflytting

Del | |
RADØY: Ein eventuell bom på radøygrensa vil ikkje påverka arbeidet til Oddbjørn Tveiten om å etablera nye bustadfelt i Aust-marka og på Manger.
Publisert 15.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Han trur at folk kjem til å busetja seg der uansett. Tveiten har regulert eit område vest for riksvegen i Austmarka på Radøy for meir enn 90 bustader. Han arbeider og med eit bustadområdet i liknande storleik ved Urhaug C på Manger.
? Nye vegar er til fordel både for Radøy og Nordhordland. Eg trur ein eventuell bom på radøygrensa vil spela lita rolle for om folk vil busetja seg på Radøy eller ikkje, seier Tveiten.
Bommen på radøygrensa skal gje 55 millionar kroner i inntekt i løpet av ni år, men til fråtrekk kjem 30 millionar kroner til investeringar og drift av bomstasjonen.

Til Manger i fase 2
Eitt av prosjekta i første fase av Nordhordlandpakken, er nye veg frå Tolleshaug til Soltveit på Radøy, eit prosjekt til rundt 270 millionar kroner.
Det er dette bompengar på radøygrensa skal vera med og betala.
Ein bom på radøygrensa skal etter konsulenten sine utrekningar korta ned bomperioden frå ni til 8,5 år. Med rabattar skal kvar passering kosta rundt 12 kroner kvar veg.
Ein sideveg frå Marås til Manger, med tunnel gjennom Lifjellet, vert ein del av den planlagde andre fasen av Nordhord-landspakken. Den andre fasen må koma opp som eiga sak på eit seinare tidspunkt.

Nyborgtunnel i fase 2
I andre fasen er Nyborgstunnelen like sør for Nordhordlandsbrua det klart største vegprosjektet. Denne tunnelen er kostnadsrekna til vel ein milliard kroner. Totalt er det snakk om vegutbygging til vel to milliardar kroner i den planlagde Nordhordlands-pakken fase ein og to, der halvparten skal dekkast av staten og resten gjennom bompengar.
I ein eventuell fase tre er det snakk om bru mellom Radøy og Holsnøy, og undersjøisk tunnel frå Io til Herdla, noko som vil betra kommunikasjonane kraftig mellom næringsklyngene Mong-stad/Sløvåg og på Askøy og Sotra. Styret i Regionrådet rådde tysdag til Nordhordlandspakken fase ein, med bom på radøygrensa og nær Nordhordlandsbrua. Saka skal først opp i representantskapet tysdag, og behandlast av kommunestyra over nyttår.

Til fylket
Derfrå går saka til vurdering i Fylkesutvalet, som tek stilling til om det skal sendast søknad til Stortinget. Ein føresetnad for at saka går gjennom er at oppslutnaden blant kommunane i Nordhordland er stor nok. Dersom ikkje, vert det ikkje ein ny runde med bompengar i regionen frå 2009, slik framdriftsplanen til Regionrådet tilseier. Samstundes vil det også vera usikkert når og om mange av dei planlagde vegprosjekta vil koma.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt