Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 
Trur tverrsamband kan setja fart på Meland

Trur tverrsamband kan setja fart på Meland

Del | |

Samband frå Askøy til Radøy via nordre Holsnøy vil vera viktig for å få fart på nordre del av kommunen, meiner Sigmund Larsen i Meland Frp.

Publisert 24.08.11 17:40
Endret 24.08.11 17:40

– All vekst i Meland skjer i Frekhaugområdet. Får me eit tverrsamband over nordre Holsnøy, opnar det seg store mogelegheiter for næringsutvikling der, seier Sigmund Larsen til Strilen.
Larsen er Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Meland.
Tysdag deltok han i ein båttur der planane om eit tverrsamband frå nordre Askøy over Meland til Radøy vart presentert for partiet sin stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen. Skippar på båten var Kjell Kristensen frå Herdla. Han er eldsjela bak ideen om eit vegsamband frå Askøy til Radøy, som kan knyta saman Sotra og Askøy med Nordhordland utan å måtta gå om Bergen.

Næringsområde
– Eg prøver å få inn eit næringsområde på Landsvik i Meland kommune sin kommuneplan, seier Larsen entusiastisk.
Han meiner at viss ein får tverrsamband, vil eit slikt næringsområde verta svært attraktivt, med kort avstand både til veg og sjø.
– Her kan ein få eit 1.500 dekar stort næringsområde med fire kilometer lang strandlinje for kaiutbygging, seier Larsen.
Eit næringsområde plassert midt mellom Mongstad, Hanøytangen, Ågotnes og Kollsnes/Stura trur han vil kunna trekkja til seg aktivitet.

Selja inn
I tillegg vil eit tverrsamband gjera nordre Holsnøy langt meir aktuelt som bustadområde, meiner Larsen, som lovar å fremja saka i valkampen.
– Eg trur ikkje fordelane med dette vegprosjektet heilt har gått opp for folk flest enno. Det har liksom vore noko som politikarane snakkar om, seier Larsen, men lovar å gjera sitt for å «selja det inn».

Mange fordelar
– Dette tverrsambandet er blant dei mest økonomisk prosjekta her i landet, og det vil kosta berre tredjedelen av Nyborgtunnelen, seier Kjell Kristensen.
Han har laga utrekningar som viser at sambandet kan byggjast for 835 millionar kroner.
– Eit slikt samband vil ha svært mykje å seia for næringsutviklinga i distriktet. Det er her verdiskapinga skjer, seier Kristensen.
Og viss ein kan køyra frå Sotra/Øygarden til Nordhordland utan å køyra gjennom Bergen, vil ein også avlasta vegsystemet i byen og minska ureininga frå vegtrafikken der, noko som ikkje minst vart aktualisert i vinter.

Kristensen meiner og at viss dette vegprosjektet vert skunda fram i tid, kan den planlagde kraftlinja frå Mongstad til Kollsnes leggjast langs denne vegen. Dermed vil ein kunna spara store summar og løysa eit miljøproblem i Radøy.
–Men skal det vera aktuelt, må denne vegen koma ganske snart, for kraftlinja er planlagd bygd om ikkje så mange år?
– Her står det berre på den politiske viljen, seier Kristensen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt